Jordbruksoppgjeret: Detaljane er avklart

Partane i jordbruksoppgjeret, staten og jordbruket ved Norges Bondelag, vart fredag 24. juni samde om alle detaljane knytt til jordbruksoppgjeret for 2016–2017.

Avtaledokumentet inneheld mellom anna alle viktige føresegner for målprisane og tilskotsordningane for jordbruksvarer.

Avtalen gjev detaljinformasjon om kva grunnlag som gjev rett på tilskot, satsar og frist for å søkje. Føresegner knytt til målprisane på mjølk, kjøt, egg, korn og i grøntsektoren står og her. Avtalen regulerer grunnlaget for utmåling av storleiken på tilskota til kvart føretak, og inneheld ôg føresegner om marknadsreguleringa av dei viktigaste jordbruksvarene. 

Dokumentet inneheld ikkje føresegner som er inntatt i forskriftene for ordningane. I forskriftene for tilskotsordningane er vilkåra som må vere oppfylte for at ein produsent skal ha rett på tilskot.