Presseinvitasjon
Klima- og miljøministeren opnar «UT i Naturen»
Nyheit | Dato: 03.09.2025 | Klima- og miljødepartementet
Laurdag 6. september opnar klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen arrangementet «UT i Naturen» på Fjøløy. Arrangementet er ein del av Friluftslivets år og skal markere øyriket Stavanger sitt 900-års jubileum.
– Gratulerer til alle i Stavanger med 900-års jubileet! Kulturminne og historiske stader er viktig for friluftslivet, og Fjøløy, Moster og Rennesøy er usedvanleg rike på begge. Tusen takk til Stavanger turistforening og alle dei andre frivillige organisasjonane som arrangerer denne festen, og takk til Norsk Friluftsliv og friluftslivsorganisasjonane som så langt har gjennomført eit fantastisk Friluftslivets år, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Tid: Laurdag 6. september, kl. 15:00.
Stad: Fjøløy, Stavanger
For presseførespurnader, ta kontakt med politisk rådgivar Sofie Løvdahl på 90280868.