Portrett av Næringsminister Cecilie Myrseth.
Portrett av Næringsminister Cecilie Myrseth. Foto: NFD / David Berg Tvetene

Som ein del av arbeidet inviterer næringsminister Cecilie Myrseth saman med Direktoratet for romverksemd, NIFRO og Abelia aktørar i romnæringa til innspelsmøte torsdag 18. juni kl. 09.00–11.30. Møtet går føre seg på Sjølyst Møtesenter i Drammensveien 165, og det blir kaffe og lett servering frå 8:30. 

 Målet er å få innspel til korleis Noreg kan leggje til rette for vidare vekst, innovasjon og verdiskaping i romsektoren, og korleis romverksemd kan bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar.

 Vi ser fram til gode diskusjonar og innspel frå næringa.

Påmelding innen utgangen av 12. juni.  

Presse som ønskjer å delta på innspelsmøtet, kan melde seg på ved å sende e-post til dtv@nfd.dep.no.