Kortare ventetid og høgare kvalitet i sjukehusa

Regjeringa fortset å prioritere pasientbehandlinga og foreslår å styrke sjukehusa med 1589 millionar kroner i 2018.

– Vi vil behandle enda fleire pasientar og fortsette å redusere unødvendig venting for pasientane enda mer. Det er nødvendig for å skape pasienten si helseteneste, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

""
Regjeringa prioriterar pasientane og styrkjer sjukehusøkonomien. Foto: Olav Heggø

Vekst i pasientbehandling

Veksten på 1589 millionar kroner legg til rette for ei auke i all pasientbehandling på om lag 2 prosent. Det er ein større vekst enn den demografiske utviklinga krev.

Det omfattar aktivitet i dei offentlege sjukehusa og kjøp frå private aktørar. Veksten omfattar behandling innan somatikk, psykisk helsevern, rus og rehabilitering.

Regjeringa har gjennom fem budsjett lagt til rette for ein samla aktivitetsvekst på 11,9 prosent. Fram til 2017 er ventetida redusert med 18 dagar totalt frå 2013 til 2017 (1. tertial) –  31 dagar for rus, 9 dagar for psykisk helsevern vaksne.

– Dette viser at regjeringa satsar på og prioriterer sjukehusa. Viktigast av alt, vi prioriterer pasientane, seier Høie.