Kraftig skjerping av krava til dyrevelferd i pelsdyrnæringa

Regjeringa har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om pelsdyrnæringa der det vert varsla ei kraftig skjerping av krava til dyrehaldet. Det vert foreslått forbod mot hald av mink i grupper, og nye, strenge dokumentasjonskrav for avl, tilsyn og stell av dyr.

Meldinga følgjer opp rapporten NOU 2014:15 Norsk pelsdyrhold – berekraftig utvikling eller styrt avvikling? frå eit offentleg oppnemnt utval (pelsdyrutvalet). Eit fleirtal i dette utvalet tilrådde ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa og foreslo fleire tiltak, spesielt for å møte utfordringar knytt til dyrevelferd.

Saka fortsett under Nett-TV-sendinga.

Nett-tv Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen

Se sendingen her

Se sendingen her

Meldinga svarar òg opp eit oppmodingsvedtak frå Stortinget om å vurdere forbod mot norsk pelsdyroppdrett i arbeidet med oppfølging av pelsdyrutvalet sin rapport.

– Regjeringa tilrår i meldinga at det framleis blir høve til å drive pelsdyroppdrett i Noreg, men det vert varsla ei rekkje innstrammingar i regelverket for hald av pelsdyr. Det er ein føresetnad at dyrevelferda vert vesentlig betra. Forslaga i meldinga ivaretek det, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Innstrammingar for betre dyrevelferd for pelsdyr

Dei viktigaste tiltaka som blir varsla for å styrke dyrevelferda, er:

  • Forbod mot hald av mink i grupper, dvs. forbod mot å halde to eller fleire dyr av same kjønn i same bur
  • Skjerpa krav til:
    • Avl og fôring for å motverke feil beinstilling hjå rev
    • Bruk av aktivitetsobjekt for å gi dyra eit meir stimulerande miljø
    • Tilpassa fôring
    • Bruk av nakketang til fiksering av rev
    • Utforming av skjul til rev
  • Nye dokumentasjonskrav knytt til utval av avlsdyr, tilsyn med og stell av dyra, bruk av aktivitetsobjekt og tiltak for sosialisering av dyr
  • Oppretthalde prioritering av offentleg tilsyn med dyrevelferd i pelsdyrnæringa og sikre effektiv handheving og bruk av verkemiddel mot dei som bryt regelverket.

– Med dei tiltaka vi no set i verk er det grunnlag for vidareføring av pelsdyrnæringa. Det blir lågare risiko for skade på dyra og betre dyrevelferd. Noreg vil vere i front internasjonalt når det gjeld dyrevelferd i pelsdyrnæringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på dagens pressekonferanse. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Eventuell styrt avvikling av pelsdyrnæringa

Sjølv om korkje fleirtalet i pelsdyrutvalet eller regjeringa foreslår å avvikle næringa, gir meldinga ei drøfting av ei eventuell styrt avvikling av pelsdyrnæringa gjennom eit forbod mot norsk pelsdyroppdrett – slik Stortinget har bede om i eit oppmodingsvedtak.

I meldinga vert det konkludert med at det er fullt mogeleg både juridisk og praktisk å gjennomføre ei styrt avvikling av norsk pelsdyrnæring gjennom eit forbod mot pelsdyroppdrett. Dette vil føre til eit økonomisk tap for oppdrettarane og truleg òg eit samfunnsøkonomisk tap.

Om, og i kva grad, staten vil ha plikt til å erstatte tap for oppdrettarane, er mellom anna avhengig av kor lang tid som blir gitt for å avvikle eksisterande verksemd.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterer Melding til Stortinget - pelsdyrnæreinga.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterer Melding til Stortinget - pelsdyrnæreinga. Foto: Landbruks- og matdepartementet