Kristin Myskja utnemnd som ekspedisjonssjef i OED

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kongen i statsråd har i dag utnemnd avdelingsdirektør Kristin Myskja (41) til ekspedisjonssjef i Olje- og energidepartementets avdeling for klima, industri og teknologi.

'
Avdelingsdirektør Kristin Myskja blir ny ekspedisjonssjef i avdeling for klima, industri og teknologi (KIT) i Olje- og energidepartementet. Foto: Arvid Samland/OED

Myskja kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i same avdeling, der ho har hatt ansvar for å leie departementets arbeid med havvind. Myskja har tidlegare også arbeidd med fangst og lagring av CO2 og leia utviklinga av Langskip-prosjektet.

Myskja har ein mastergrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo og har arbeidd i ulike avdelingar i OED sidan 2006. Ho vaks opp i Tysvær i Rogaland og har også studert i Volda og Trondheim.