Presseinvitasjon:

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet inviterer til konferanse om norsk fagspråk i forsking og høgare utdanning

Kvifor skal akademikarar bruke norsk når forskinga vert meir internasjonalisert? Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og kulturminister Trine Skei Grande inviterer til konferanse om norsk fagspråk 13. november.

Eit overordna mål for språkpolitikken er å sikre norsk som eit fullverdig og samfunnsberende språk i Noreg.

På konferansen spør vi korleis ein internasjonalt orientert universitets- og høgskulesektor kan vareta ansvaret sitt for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk.

Tid: Tysdag 13. november kl. 13.00 – 16.00
Stad: Universitetet i Oslo, Helga Engs hus, auditorium 2

Nett-tv Norsk fagspråk i forskning og høyere utdanning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Les meir om konferansen om fagspråk

Arrangementet er opent for pressa og vil bli sendt direkte her på regjeringa.no og på Facebooksida til Kulturdepartementet.

Til toppen