Onsdag 13. mai mottek kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun rapporten: «Lite i det store, stort i det små. Gratis barnehage for alle barn – gratisprinsippet i møte med kvalitet og sosial utjevning».

Når: Onsdag 13. mai klokka 13.00–14.00.

Kvar: Sentralen, Øvre Slottsgate 3.

Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2025 å setje ned ei hurtigarbeidande partssamansett arbeidsgruppe som skulle greie ut korleis ein kan innføre gratis barnehageplass for alle barn. Gruppen leverte si første delrapport 31. oktober 2025. No er sluttrapporten klar.

Leiaren for arbeidsgruppa, Anne Hjermann, vil innleie og overlevere rapporten til kunnskapsministeren. Deretter held Nordtun eit kort innlegg.

Det blir høve til separate intervju for pressa.

Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Marie De Rosa (marie.de-rosa@kd.dep.no eller 41 25 88 48).