Lagmannsretten skal byte namn
Pressemelding | Nr: 36 – 2025 | Dato: 08.05.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet
I april 2019 bestemte Stortinget at alle verksemder i staten skulle ha kjønnsnøytrale titlar. Sidan den gong har rådmann blitt til kommunedirektør og fylkesmann til statsforvaltar. I dag sender regjeringa ut eit høyringsforslag der du kan gje dine innspel til kva titlar og nemningar vi skal bruke på lagmannsretten og lagmenn framover.
– Sidan 70-talet har vi i Noreg snakka om korleis språket vårt kan medverke til å skape og forsterke stereotypiar og kjønnsrollemønster, mellom anna i arbeidslivet. Dei seinare åra har mange yrkestitlar blitt endra for å få til positiv endring for eit meir likestilt samfunn. No er det på tide at det same blir gjort i domstolane. Noreg går framover, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).
«Lagmannsretten» er nemninga på det andre av dei tre domstolnivåa i Noreg. Dommarane i lagmannsretten vert kalla «lagdommarar», mellomleiarane som også er dommarar vert kalla «lagmenn», og leiaren for heile lagmannsretten vert kalla «førstelagmann». I vikingtida utgjorde lagtinget ei representativ forsamling som mellom anna avsa dommar. Omgrepet «lagmann» kjem av norrønt «lǫgmaðr», og tyder «lovmann», altså ein lovkunnig person. Opphaveleg var lagmannen ein lokal ombodsmann for bøndene som møtte på tinget, men frå slutten av 1100-talet vart posisjonen omforma til ein kongeleg tenestemann som skulle dømme etter statleg lov.
Domstolkommisjonen meinte i NOU 2019: 17 Domstolstruktur at det er på tide å vurdere å byte ut nemninga lagmannsrett med eit kjønnsnøytralt omgrep. Kommisjonen viste til at sjølv om omgrepet har ei viktig historisk forankring, speglar det ikkje lenger den faktiske kjønnsrepresentasjonen blant lagdommarar. Blant dommarar og domstolleiarar i dei alminnelege domstolane er det i dag tilnærma balanse mellom kjønna.
På bakgrunn av vedtaket frå Stortinget og tilrådinga frå Domstolkommisjonen sender Justis- og beredskapsdepartementet på høyring eit forslag til lovendring, der «lagmannsrett» får nemninga «lagrett», og der nemninga lagmann blir erstatta med «lagrettsleiar/lagrettsleder» eller «nestleiar/nestleder» i lagretten. Når det gjeld nemninga på den øvste leiaren foreslår departementet «førstelagrettsleiar» eller «leiar/leder» i lagretten. Departementet opnar også for andre forslag til titlar på dei to leiarnivåa i andre instansen.
Frist for innspel til høyringa er 25. august 2025.