Uansett om du er nord, vest, aust eller sør i landet, vil du aldri vera langt unna ei god landbruks- eller smaksoppleving i sommar. Nordmenn ynskjer å kjøpa både meir norsk og meir lokalt. Det viser tal på omsetnad av lokalmat- og drikke frå dei siste åra oss. Men det er ikkje berre i «lokale varer»-hylla på butikken du kan få tak i slike produkt. I utsalsbuer på landevegen, kan ein finne skjulte skattar av som er laga på lokale råvarer. Ein kan også handle direkte frå bønder på gardsbutikkar, eller på marknader.

Bondens marked.
Bondens marked, Majorstua Oslo. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Her kan du finne ei oversikt over kvar du kan handle lokale produkt rundt omkring i landet:

På sommaren er det fleire bønder som tilbyr sjølvplukk av frukt, grønsaker og bær. Slike tilbod er spreidde rundt omkring. Eit kjapt Google-søk kan vise deg stader i nærleiken du kan plukke sjølv på. Om ein er på bilferie, kan det også hende at ruta går forbi ein gard som tilbyr dette.

Bringebær.
Bringebær. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Kvart år blir det arrangert open gard rundt forbi på gardar i heile landet. Det er ei fin moglegheit for store og små til å møte landbruket, lære meir om det og ikkje minst helse på dyra på garden.

Du kan finne eit oversyn over den nærmaste opne garden i ditt nærområde på Norges Bondelag sine nettsider.

Ku
Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Visse gardar tilby også gardsturisme i form av overnatting på anten garden, eller på setra som høyrer til. Ein kan finne meir informasjon om dette på Visit Norway sine heimesider.