Lanserer Boligdugnaden.no – Vi treng fleire utleigebustader til flyktningar, studentar og andre

Har du plass til overs? Ein tom bustad, hybel eller fritidsbustad som du kan leige ut? Noreg treng fleire utleigebustader både til flyktningar, studentar og andre. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik inviterer no til bustaddugnad.

Krigen i Ukraina sender framleis mange på flukt. Over 40 000 flyktningar er busette i alle landets kommunar det siste året. Det kjem framleis mange flyktningar kvar einaste dag til Noreg. Det er høgt press i leigemarknaden og prisane stig. Til hausten skal også mange studentar ha ein plass å bu.

–Vi treng no fleire utleigebustader over heile landet. Den raskaste måten å få dette til på, er å ta i bruk tomme bustader og fritidsbustader. Derfor inviterer regjeringa no privatpersonar med ledig husrom til bustaddugnad, seier Sigbjørn Gjelsvik.

I samarbeid med Direktoratet for byggkvalitet og Husleietvistutvalet, lanserer regjeringa no nettsida boligdugnaden.no for å gjere det litt lettare for deg å sette i gang med å leige ut.

boligdugnaden.no finn du viktig og relevant informasjon om kva du må gjere før du leiger ut, undervegs i leigeforholdet og korleis du går fram for å finne ein leigebuar. Alt samla på ein stad.

–Målet med bustaddugnaden er å gjere deg trygg på kva du må tenke på før du leiger ut. Eg håpar at informasjonen du får på boligdugnaden.no motiverer deg til å leige ut den tomme bustaden, hybelen eller fritidsbustaden du ikkje bruker eller ikkje bruker så ofte. Eg håpar mange blir med på denne dugnaden, seier kommunal- og distriktsministeren.

Skjermbilde av forsiden til boligdugnaden.no
www.boligdugnaden.no