Lanserer nasjonal klonbank
Nyheit | Dato: 18.11.2025 | Landbruks- og matdepartementet
NIBIO har denne veka lansert ein nasjonal klonbank på NIBIO Landvik. Her skal sortsmangfaldet innan klonformerte grønsaker og urter bli bevarte for framtida.
Klonbanken ved NIBIO Landvik skal ta hand om 160 unike klonar av grønsaker i tillegg til 120 unike klonar av urter som vert lagra ved NIBIO Apelsvoll på Toten.
Klimaendringar, nye sjukdommar og variable forbruksmønster kan raskt endre kva slags artar og eigenskapar som blir etterspurde. For å kunne møte desse utfordringane, må vi bevare det genetiske mangfaldet.
Planter som blir formeira ved kloning blir bevarte som levande planter i feltsamlingar. Jordskokk, peparrot, lauk og rabarbra er nokre døme på klonformeira grønsaker. Alle er grønsaker som har lang dyrkingshistorie i Noreg. Det same gjeld urter og aromatiske planter som humle, ramslauk, reinfann og bergmynte.
Noreg har forplikta seg til internasjonale avtalar og nasjonale strategiar for å vareta genetiske ressursar for mat og landbruk.