– Det er avgjerande for beredskapen i landet at kommuneoverlegane har rask tilgang til påliteleg informasjon. KoSy gjer det enklare å ta gode og effektive smitteverntiltak lokalt. Derfor er det gledeleg at dette verktøyet no er komen i gang, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Kommunane har eit stort behov for god og tilgjengeleg kunnskap. KoSy er eit viktig første skritt for å gi kommunane verktøy for betre oversikt med smittesporing, både i kvardagen og i krisesituasjonar, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

KoSy, som nyleg blei sett i drift (fhi.no), skal styrke smittevernarbeidet og gi betre grunnlag for råd og tiltak i kommunen. Tenesta er kostnadsfri for alle kommunar.

Kva er KoSy?

  • KoSy står for Kommunens sjukdomsoversikt og er utvikla av Folkehelseinstituttet (FHI) i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet og KS.
  • KoSy er eit resultat av at pandemien synte kor viktig og utfordrande smittevernarbeid på kommunenivå kan vere.
  • Kommuneoverlegane får gjennom KoSy enkel og sikker tilgang til dagsaktuell, aggregert og anonymisert statistikk. Dette gjer at dei kan utføre sine lovpålagde smittevernoppgåver på ein endå betre måte.
  • KoSy er finansiert av FHI, Digitaliseringsdirektoratet og KS, og vert vidareutvikla i tett dialog med brukarane for å sikre at løysinga alltid møter kommunen sitt behov. Løysinga vil vere heilt gratis å nytte for alle kommunane.

Raskare oversikt med KoSy

Erfaringar frå pilotprosjektet har vist at KoSy gir raskare oversikt over smittesituasjonen lokalt og regionalt, samt betre råd til både kommunehelsetenesta og befolkninga.

Det betyr at heile helsetenesta kan handle tidlegare, setje inn målretta tiltak og gi betre og meir presis informasjon til innbyggjarane.

KoSy oppdagar også utbrot som til dømes MRSA og gonoré tidlegare enn det ein har gjort fram til no.

Betre grunnlag for avgjerder

­­– Med KoSy får kommunane eit moderne verktøy som styrker kunnskapen, slik at kommuneoverlegane har eit betre grunnlag for å ta avgjerder når det gjeld å verne innbyggarane våre mot smittsame sjukdomar, fortel Vestre.

– Under pandemien fekk vi verdifulle erfaringar frå samarbeidet mellom FHI og KS om digitale løysingar. No bygg vi vidare på dette, og ser fram til å utvikle KoSy-løysinga saman med FHI, seier Helgesen.

No ved oppstart inneheld KoSy følgande typar data:

  • Prøvesvar frå medisinsk-mikrobiologiske laboratorium
  • Vaksinasjonar
  • Meldte tilfelle av smittsame sjukdomar
  • Konsultasjonar hos fastlege og legevakt med relevante diagnosekodar