Kvar tredje av oss vil i løpet av livet verte ramma av ein hjernesjukdom. Med den nye strategien set vi retning for korleis vi kan fremje god hjernehelse, førebygge sjukdom, betre pasientforløpa for pasientar med hjernesjukdommar og fremje forsking og innovasjon på hjernesjukdommar. Vi vil også auke kunnskapen om hjernehelse – både i befolkninga og i helse- og omsorgstenesta.

Nett-tv Lansering hjernehelsestrategi

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Framlegginga av strategien blir strøyma direkte og du kan følge den frå denne sida. Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO) distribuerer publiseringstidspunkt til media som ønsker å sende arrangementet. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no. Presse og andre aktørar som ønsker å bygge nett-tv-sendinga inn på eigne nettsider, finn embed-kode ved å «Del video»-knappen i videospelaren. Her kan også videofila lastast ned i etterkant.