Historisk arkiv

Legg fram rapport om styrka organisasjonsgrad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Ei arbeidsgruppe har skrive ein rapport med innspel til tiltak for å styrkje organisasjonsgraden i arbeidslivet. Arbeidsgruppa har vore samansett av deltakarar frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet og Arbeids- og sosialdepartementet.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen tok opp saka på eit møte med organisasjonane i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd 15. juni. Han inviterte partane i arbeidslivet til vidare samarbeid og drøftingar om korleis innspela i rapporten kan følgjast opp i trepartssamarbeidet.

– Korleis vi skal sikre høg oppslutning om organisasjonane i arbeidslivet og utbreiing av tariffavtalar er eit tema som står høgt på dagsordenen for Stortinget, for partane i arbeidslivet og for regjeringa. Partane i arbeidslivet er tydelege på at det er organisasjonane sitt eige ansvar å rekruttere medlemmer. Men vi har alle ei felles interesse av å fremje eit organisert arbeidsliv. Det er ein styrke for Noreg og verdiskapinga at vi har høg oppslutning om fagorganisering og tariffavtalar, seier Røe Isaksen.

I rapporten legg ein særleg vekt på tiltak for å styrkje kunnskapen om det organiserte arbeidslivet i skulen, ovanfor utanlandske arbeidstakarar og i bransjar som har få organiserte arbeidstakarar og verksemder.

Rapport