– Villreinen på Hardangervidda er hardt pressa frå stadig meir menneskeleg aktivitet. Vegar, stiar, hytter og motorferdsel held villreinen vekk frå viktige område for villreinen. Dette er me nøydde til å ta tak i, dersom vi skal ha ein levedyktig bestand på vidda også i framtida, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tiltaka i planen handlar mellom anna om å kanalisere ferdsel og trafikk gjennom regulering av ferdsel på vegar, samordning og reduksjon av helikoptertrafikk og annan motorferdsel, og fjerning av stigar og turisthytter på vidda.

Vidare handlar tiltaka om høg terskel for nye arealinngrep i villreinfjellet og oppdatering av arealplanar. Tiltaksplanen legg vekt på å reetablere passasjar villreinen har brukt tidlegare og ta vare på dei trekkpassasjane villreinen bruker i dag.

Det har i arbeidet med tiltaksplanen vore lagt stor vekt på brei involvering av kommunar, fylkeskommunar og andre råka aktørar, mellom anna gjennom fleire folkemøte og fleire møte med kommunane rundt Hardangervidda.

– Innsatsen for villreinen er vårt felles ansvar. Gode innspel har styrkt planen, og det er brei semje om å ta vare på villreinen på Hardangervidda. Samtidig er ikkje dette berre enkle tiltak, og eg har stor forståing for at det er fleire interesser som blir påverka av den nye planen. No startar gjennomføringa av nødvendige tiltak, og eg ser fram til vidare samarbeid med lokale styresmakter og andre aktørar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Villreinmeldinga som regjeringa la fram i 2024, og handsaminga i Stortinget, dannar ei ramme for arbeidet med tiltaksplanane for norske villreinområde. Tiltaksplanane er ikkje juridisk bindande, men ei samla oversikt over tiltak som skal søkjast gjennomført av styresmakter på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, frivillige organisasjonar, rettshavarar, grunneigarar og andre aktørar i villreinområda.

Nokre av tiltaka:

  • Kanalisering av ferdsel gjennom Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda
  • Stengje Torehytten, Lågaros og Hadlaskard turisthytter, samt stengje Hellevassbu turisthytte i sumarbeiteperioden, og gjere Litlos om til sjølvbetent hytte
  • Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde
  • Revidere kommunale planar (planvask) og basere framtidig utbygging på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein
  • Framleis vinterstengd veg over Imingfjell, samt regulere ferdsel i området, til dømes kiting, for å sikre vinterbeite på nord- og austvidda
  • Redusere og regulere innfallsportar vinterstid, mellom anna regulere tilkomst på og bruk av fleire vegar inn i villreinområdet
  • Inngå samarbeid med beitenæringa om eksempelvis plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar, parasittbehandling før beiteslepp, områdebruk, med meir
  • Forsking og utviklingsprosjekt om samla belastning, mellom anna klimaendringane sine påverknader på villrein (inkludert klimatilpassing)