Lønsoppgjeret i staten er i gang

Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag, 24. april for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for oppgjeret er ved midnatt 30. april.

Bildet viser lederne i hovedsammenslutningene i staten, og statens personaldirektør som står samlet før lønnsoppgjøret starter.
Fra venstre Jens B. Jahren, leiar i YS Stat, Kari Tønnessen Nordli, leiar i Akademikerne stat, staten sin personaldirektør, Gisle Norheim, Elisabeth Steen, leiar i LO Stat, Steinar Sæther, leiar i Unio stat. Foto: DFD

I år er det eit mellomoppgjer som vil handle om økonomi, og partane skal berre forhandle om lønsreguleringar.

– For staten er det viktig å sikre ei samordna lønsutvikling, innanfor ramma av frontfaget. Frontfagsmodellen sikrar arbeidsplassar og norsk konkurranseevne, og er særleg viktig i tider som no med sterk prisvekst, krig på kontinentet og trugslar om tollkrig, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. 

Staten sin personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Han møtte i dag  Kari Tønnessen Nordli, leiar i Akademikerne stat, Elisabeth Steen, leiar i LO Stat, Steinar Sæther, leiar i Unio stat og Jens B. Jahren, leiar i YS Stat. 

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00