Lønsoppgjeret i staten er i gang
Pressemelding | Dato: 16.04.2026 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag, 16. april, for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for oppgjeret er ved midnatt 30. april.
I år er det eit hovudoppgjer der partane i staten forhandlar om økonomi og om alle elementa i hovudtariffavtalane.
- Staten går inn i desse forhandlingane med krav om likelydande hovudtariffavtalar og å sikre ein lønnsutvikling for alle.
Det er viktig å sørge for at staten også i framtida er ein attraktiv arbeidsgjevar som lukkast med å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar.
– Eg håpar at partane kan kome fram til gode løysingar innanfor frontfagsramma, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Statens personaldirektør, Bente Johanne Kraugerud, forhandlar på vegner av staten. Ho møtte i dag representantar for hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat.