Historisk arkiv

Lotteri- og stiftelsestilsynet vann Statens klarspråkspris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk i dag Statens klarspråkspris 2015 for språkarbeidet sitt. - Tilsynet har eit enkelt, tydeleg og djervt mål. Alt det dei tilsette skriv skal bli forstått av mottakarane på fyrste forsøk. Målet bør inspirere alle tilsette i staten, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Ein av tre innbyggjarar har problem med å forstå tekstar frå det offentlege. Klarspråksprisen skal styrkje arbeidet med klart språk i staten. Prisen går til statlege forvaltningsorgan og helseføretak som har gjort ein ekstraordinær innsats med å få tekstar på nett og papir forståelege og lesarvenlege.  

Årets vinnar er Lotteri- og stiftelsestilsynet. Juryen framhevar den innsatsen prisvinnaren har gjort for å måle resultata av klarspråksarbeidet. Interne målingar viser at brukarane ringjer sjeldnare og sender færre e-postar. Dette sparar dei tilsette for over 1000 arbeidstimar, heiter det i grunngjevinga.

- Dersom staten og kommunar skriv enkelt og forståeleg slepp innbyggjarane irritasjon og bry med å ringje for å få hjelp, og verksemdene frigjer ressursar til dei viktige oppgåvene. Difor er klarspråk så viktig i arbeidet med å forbetre offentleg sektor, seier Sanner, som delte ut prisen.

Prisen Årets trekkhund fekk Kristin Høie Walstad i Stavanger kommune. Prisen vert gitt til ein person som har gjort ein spesiell innsats i klarspråksarbeidet i eige verksemd. Walstad fekk prisen for pionerarbeidet sitt i Stavanger kommune og KS. Fordi ho deler erfaringar og konkrete resultat er pionerarbeidet hennar til stor nytte for kollegaer i heile landet.

Dette er sjuande året Statens klarspråkspris vert delt ut, medan det er andre gong Årets trekkhund vert delt ut. Ei klar og god forskrift var årets tema for Temaprisen. Ingen av dei tre kandidatane nådde opp.

I juryen for prisane sit professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo Kjell Lars Berge (leiar), tidlegare direktør i Innovasjon Noreg Gunn Ovesen, språkkonsulent Ola Breivega og forlagsdirektør og forfattar Ragnfrid Trohaug. Juryen er uavhengig og vald av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet samarbeider om tiltak for å stimulere til betre og meir brukarvenleg språk i statlege verksemder og er sekretariat for prisane.