Ordninga fangar opp mange av dei landbrukspolitiske målsetjingane om å vidareutvikle det tradisjonelle landbruket og støtte opp om anna landbruksbasert næringsutvikling, ifølgje rapporten. Ho har hatt, og har, særleg stor tyding for investeringar i fornying av driftsbygningar i landbruket. Det har bidrege til å oppretthalde gardsbruk over heile landet. Ikkje minst gjeld dette for bønder som må tilpasse seg lausdriftskravet frå 2034.

Evalueringa peikar på at forenkling av søknadsskjema og kriteria for ordninga har forbetringspotensial. Like eins vert lang saksbehandlingstid, hovudsakleg på grunn av større pågang enn rammer, også trekt fram som eit område som byr på utfordringar. Samstundes vert «sparringflata» i søknadsløysinga til Innovasjon Noreg trekt fram som noko verdfullt, her kan aktuelle søkjarar ha dialog med, få innspel og avklaringar frå Innovasjon Noreg før dei evt. utarbeider fullstendig søknad. Også forholdet bøndene har til Innovasjon Norge og regional samhandling kjem positivt ut.

Midlar til investering og bedriftsutvikling skal leggje til rette for lønsam verdiskaping og bidra til sysselsetjing, busetjing og variert landbruk over heile landet. Verkeområdet er investeringar innan tradisjonelt landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Midlane vert sett av i jordbruksavtalen, og har auka frå 635 millionar kroner i 2020 til over 1,3 milliardar kroner i 2026