Manus til NIBIO-konferansen 2018, Hellrudsletta,13.-14. februar 2018

Mat, miljø og moglegheiter.

Bakteppe – Regjeringas politikk og behov for omstilling

  • Status norsk økonomi – lysare for Noreg, men fortsatt krevjande.
  • Moderate lønsoppgjer, fortsatt behov for omstilling, alle næringar må bidra.
  • Regjeringsplattforma legg vekt på:
    • Flest mogleg i arbeid – inkludere grupper som fell utanfor
    • Økonomiske realitetar som er styrande. Velferdssamfunnet vil koste meir i framtida og inntektene vil vekse mindre enn det vi har vore vane med. Det set krav til prioriteringar.
    • Berekraftig velferdssamfunn - krev vekst i grøne og klimavenlege næringar
  • Plattforma peikar på kunnskap, forsking, innovasjon og teknologiutvikling som heilt sentralt for å skape nye, grøne arbeidsplassar.
  • Både landbruket og dei landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa vil ha ei sentral rolle i ei slik omstilling. 
  • Landbruket har ein unik posisjon i det grøne skiftet, tradisjonelt gode på omstilling - må fortsette å utvikle seg.
  • Jord og skog skal bidra til vekst og verdiskaping over heile landet, i åra som kjem. 

Ny regjeringsplattform – stø kurs for landbruket

  • Stolt av det vi har fått til så langt –  stø kurs vidare!
    • Mange faktorar påverkar utviklinga i jordbruket, nokre er politisk styrde rammevilkår, medan andre i mindre grad let seg påverke av nasjonal jordbrukspolitikk. Klimaendringar, teknologisk utvikling, utvikling i marknader og handelsavtalar og endring i forbrukarpreferansar er døme på dette.
    • Regjeringa baserer sin landbrukspolitikk på at bønder er sjølvstendig næringsdrivande.
    • Fortsatt leggja til rette for auka matproduksjon og lønnsam drift over heile landet, marknadsbalanse, styrke arbeidsdelinga, at bønder som driv i større grad eig, satsing på lokalmat.
    • Landbruket er viktig for distrikta og vi må utnytte ressursane over heile landet for å skape verdiar og vekst.
    • Med utgangspunkt i dei ressursane jordbruket og skogbruket rår over har vi ei unik moglegheit til å ta ei leiande rolle i utviklinga av bioøkonomien.
    • Som stadfesta i bioøkonomistrategien: Vi har rikeleg tilgang på biomasse, eit etablert biobasert næringsliv, god infrastruktur og høg kompetanse.
    • Regjeringsplattforma legg grunnlaget for landbrukspolitikken vi skal føre dei neste fire åra, og på same måte som for fire år sidan har det vore kritiske røyster som har lest plattforma på sin eigen måte. 

Forskingsbasert kunnskap som premissleverandør for politikkutvikling og politiske avgjerder

  • Som nemnt  - regjeringsplattforma legg grunnlag for stø kurs vidare i norsk landbrukspolitikk, men stø kurs er ikkje det same som stillstand.
  • De som driv med forsking vil vere ein viktig premissleverandør for den vidare politikkutviklinga og gje oss kunnskapen vi treng for å løyse dei utfordringane vi måtte møte på.
  • For å ta gode faglege avgjerder er det behov relevant forskingsbasert kunnskap.
  • Det tette samarbeidet mellom dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta og forvalting, rådgiving, næring og industri er viktig. 
  • Dette samarbeidet er avgjerande for at forskinga er relevant og kjem til nytte -  eit konkurransefortrinn som vi må ta vare på og unytte.

Døme: Veterinærinstituttet påviste den alvorlege prionsjukdommen skrantesjuke (CWD) hos villrein og elg i 2016. På bakgrunn av den alvorlege og uoversiktlege smittesituasjonen hos norske hjortedyr har LMD løyva oppstartsmiddel til forskingsprosjekter på området. Noreg har internasjonale forpliktingar i forhold til setja i verk tiltak, å unngå smittespreiing. Sidan CWD aldri har vore påvist her til lands tidligare, er kunnskap om sjukdommen, spreiing og førekomst, økologiske effektar samt kunnskap om aktuelle forvaltingsmessige tiltak relativt låg.

I eit møte no nyleg roste EU-kommissær for helse og mattryggleik, Andriukaitis, Noreg for dei tiltaka vi gjer, inkl. forsking, og anerkjente at Noreg gjer ein framifrå innsats på området ("Look to Norway"). Dette er veldig viktig for at vi skal kunne argumentere mot urimelege vernetiltak frå EU si side mot norsk hjortedyrkjøtt. 

Døme: Det har vore nokre diskusjonar mellom forskarar, til dømes når det gjeld effektar av å stoppe dyrking av myr. Fri forsking er viktig og det vil alltid vere meiningsbrytingar, særskilt mellom forskarar, men  kunnskapsgrunnlaget som vert lagt fram må være best mogleg og  avdekkje usikkerheit og mangel på kunnskap. Den kunnskapen de bring til torgs er viktig og skal danne grunnlag for politikkutforming. 

Produktivitetsvekst, lønsemd og ny teknologi

  • Ord som går igjen i plattforma: digitalisering, teknologiutvikling og mogleggjerande teknologiar.
  • Viktig for å gjøre landbruket smartare og meir effektivt – og leggje grunnlag for nye grøne, arbeidsplasser innanfor bioøkonomien.
  • Forsking og teknologiutvikling, òg eit godt samarbeid mellom kunnskapsmiljøa og næringa, har vore heilt sentralt for omstilling og produktivitetsvekst i norsk landbruk -  og vil ha ei avgjerande rolle i den vidare utviklinga av næringa.
  • Og norske bønder er ivrige på å ta i bruk avansert teknologi. Fjøsa blir stadig meir automatiserte. Teknologiutviklinga går fort og vil ha ei stadig viktigare rolle i landbruket, t.d.: 
    • Automatisering og digitalisering av fjøs
    • GPS-teknologi for presisjonssprøyting og gjødsling
    • Robotar og førarlause traktorar
    • Dronar til overvaking av jordbruksareal og skog
    • Automatisering av manuelle, ressurskrevjande oppgåver i grøntsektoren (hausting av frukt og bær, beskjæring av tre osv.). Her er det fleire forskingsprosjekt på gang. 
  • Ny kunnskap og teknologiutviklinga skaper òg attraktive arbeidsplassar for den komande generasjonen av bønder. 

Døme: NIBO la nyleg ut ei nyheitssak med tittelen "Snart kan bonden sjekke enga fra senga".  Som ein del av forskingsprosjektet "FOREFF" vert det utvikla eit analyseverktøy som kan gjere dette mogeleg. Med hjelp av eit bilde (tatt med mobil, drone, eller kamera på traktoren) og ein app med eit analyseverktøy vil ein i framtida få rask oversikt over avlinga og sjå om det er behov for å ta seg ein tur utpå med traktoren. 

Norsk landbruk – og landbruks- og matforskinga i eit globalt perspektiv

  • Noreg og norsk landbruk må ta inn over seg dei samfunnsendringane og den politikkutviklinga som har skjedd dei siste åra, både nasjonalt og globalt.
  • Dei landbruks- og matfaglege landbruksinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. I tillegg til svært god deltaking i det europiske rammeprogrammet for forsking og innovasjon, har institutta tett forskingssamarbeid med land som India, Kina og Afrika (jf. Panoramastrategien).
  • Eg var med på tur til India med NIBIO i 2017 og fekk sjå betydinga av det arbeidet NIBIO gjer der.
  • Verdssamfunnet står framfor store utfordringar – Noreg må ta sin del av ansvaret for å nå måla i ein ambisiøs klimaavtale og gjere vårt for at berekraftsmåla til FN vert fylgde.
  • Utfordringar knytt til klima, befolkningsvekst, mangel på mat og vatn, press på naturressursane og aukande antibiotikaresistens angår også Noreg.
  • De som jobbar med landbruks- og matforsking bidreg med høgst relevant kunnskap for å nå dei måla vi har satt oss føre - mellom anna eit mål om å utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring – og de bidreg med kunnskap som er viktig for dei landa der dei kjenner desse utfordringane på kroppen. 

Norsk landbruk i det grøne skifte -  både effektivt og klimasmart

  • Om Noreg skal lukkast med omstilling i praksis og bli eit berekraftig velferdssamfunn, må det grøne skifte skape arbeidsplassar som bidreg til verdiskaping.
  • Veksten må koma i grøne og klimavenlege næringar  - her er landbruket i ein unik posisjon.
  • Landbruket bidreg til det grøne skiftet, både gjennom binding av karbon og produksjon av fornybar, biobasert energi og drivstoff, og andre biobaserte produkt.
  • Auka etterspurnad etter biomasse hausta etter berekraftige prinsipp, kombinert med behovet for å auke karbonlagra i skog og jordsmonn, vil gje landbruket nye moglegheiter. 
  • Slike tiltak kan vere; planting av skog på nye areal, industriell fangst og lagring av biologisk karbon eller varig lagring av bio-kull i jord.
  • Landbruket vil få ei nøkkelrolle i gjennomføringa av slike "karbonnegative tiltak". Det vil krevje enorme areal til skogplanting og det vil krevje ufattelege mengder biomasse, både til å fortrenge fossile utslepp og til å mogleggjere karbonnegative løysingar.
  • Jordbruket og tilhøyrande industri må ta sitt ansvar for å redusere klimagassutsleppa. Her har NIBIO og dei andre forskingsinstitutta i landbruket ei viktig rolle når det gjeld å bidra med ny kunnskap om gode og effektive tiltak, kostnadar og konsekvensar. 

Døme: Senter for presisjonsjordbruk på NIBIO Apesvoll, etablert i 2016. Føremålet med senteret er å bidra til eit ressurseffektivt og berekraftig jordbruk gjennom å gjere vegen kortare frå ny teknologi blir utvikla til den kjem bonden til gode. 

    • Eit jordbruk der ein tek i bruk dronar og sensorar vil bidra til betre utnytting av både areal og innsatsmiddel.
    • Mindre handsaming av jorda, auka presisjonsnivå på tilførsel av næringsstoff og sprøytemiddel, betre agronomi som i sum er bra både for jordbruket og miljø. 

Den Magiske Fabrikken i Vestfold er eit anna godt døme. Ved å bruke husdyrgjødsel og matavfall, bidreg dei til betydeleg reduksjon i klimagassutsleppa, både frå jordbruket og transportsektoren. I tillegg til klimavennleg biogass blir det produsert verdifull biogjødsel til produksjon av ny mat. Samarbeidet med landbruket er unikt. 

Avsluttande kommentarar

  • Ein merkedag – det er fyrste gong sidan etableringa av NIBIO for snart tre år sidan at det blir inviterert til ein slik fagkonferanse om landbruk og matproduksjon.
  • Eg vil takke styret og alle dei tilsette i NIBIO for jobben dei har gjort med å etablere eit av dei viktigaste kunnskapsmiljøa for landbruks- og matforsking i landet!
  • Programmet for konferansen ber vitnesbyrd om at vi, med etableringa av eit av landets største forskingsinstitutt, har samla mange gode krefter – og at det har gjeve frukter.
  • Når NIBIO i tillegg inviterer Veterinærinstituttet, NOFIMA og Ruralis med på laget, vil dei neste to dagane spegle den imponerande bredda i kunnskapsutviklinga innafor landbruket.

Døme 1. Eg har allereie vore innom dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta sitt engasjement i internasjonalt forskingssamarbeid og betydinga av dette. Resultat frå EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, viser ikkje berre stor bredde, men også høg kvalitet i det arbeidet de gjer.  Norske forskingsmiljø hevder seg generelt godt internasjonalt og mottar betydelege midlar frå EU sitt forskingsprogram Horisont 2020. Så langt har Noreg mottatt i underkant av 5 milliardar kroner frå programmet, og fleire av de som sit i salen her er blant dei som er best i klassen. Programmet for mat, hav og bioøkonomi er eit av dei programma dei norske aktørane gjer det aller best i.

Døme 2: Like før jul løyva Forskningsrådet, som ein konkret oppfølging av bioøkonomistrategien, til saman 43,5 millionar til tre nye forskingsprosjekt på betre utnytting av restråstoff. Nofima tok storeslem. Dei leier to av prosjekta og er med på det tredje. Eit av prosjekta som vert støtta handlar om å bruke enzym til å framstille verdifulle næringsstoff som finnes i kjøt, feitt og bein frå torskehovud og restar etter kyllingproduksjon. Målet er å utvikle ein prosess som gjer om desse restråstoffa til produkt både menneskjer og dyr kan ha nytte av. Dermed kan det som før var avfall bli til produkt med bortimot dobbel verdi for samfunnet. Denne forskinga vil gje viktige bidrag til vidare utvikling av norsk bioøkonomi i tråd med bioøkonomistrategien. 

Døme 3: Næringslivet er også "på". No nyleg fekk fleire bedrifter varsel om at dei vil få pengestøtte frå Forskningsrådet etter sin søknad om såkalla innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN-prosjekt). Blant dei som får støtte til å vidareutvikle si bedrift er Hunton Fiber, Norsvin, SpermVital (datterselskap av Geno), Nortura, Sagaplant og Espeland Handelsgartneri. Forsking og innovasjon i næringslivet er viktig, både for at bedriftene skal løyse sine utfordringar, sikre lønnsemd, skape nye arbeidsplassar og skape verdiar for samfunnet. Regjeringa legg difor stor vekt på at offentlege midlar til forsking skal utløyse meir forsking i næringslivet. Kunnskap er Noregs viktigaste konkurransefortrinn, og det vil regjeringa bygge vidare på!

  • Eg vil gje dei ansvarlege ros for å ta initiativ til denne fyrste NIBIO-konferansen.  Kunnskap som ikkje kjem til nytte er bortkasta kunnskap, difor er det så viktig med slike møteplassar!
  • Lukke til med konferansen!
Til toppen