Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør i Norec
Pressemelding | Dato: 20.03.2026 | Utanriksdepartementet
Kongen i statsråd har i dag utnemnt Marit Lofnes Mellingen som direktør for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).
– Norec har sentrale oppgåver i norsk utviklingspolitikk. Gjennom støtte til utveksling og rekruttering til internasjonale organisasjonar bidreg Norec til å byggje tillit mellom individ, organisasjonar og over landegrenser, i ei tid der den globale tilliten er under press. Eg er glad for at Marit Lofnes Mellingen har sagt ja til å leie og vidareutvikle Norec framover, i ei tid med store endringar for norsk utviklingspolitikk, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Mellingen kjem frå stillinga som direktør for Distriktssenteret, Kompetansesenter for distriktsutvikling, der ho har vore i seks år. I tillegg har ho erfaring frå mellom anna Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), Norge.no og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
– Eg er veldig glad for å ha fått denne tilliten. Norec har eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag. Eg ser fram til å bli ein del av laget og få jobbe saman med alle dei dyktige medarbeidarane i organisasjonen, seier Marit Lofnes Mellingen.
Norec ligg i Førde og er ein del av den samla innsatsen for å realisere dei overordna måla i norsk utviklings- og utanrikspolitikk. Norec er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid gjennom utveksling av personell og kompetanse, og bidreg til arbeidet med å styrkje norsk representasjon i internasjonale organisasjonar, mellom anna gjennom rekruttering og oppfølging av norske kandidatar.
Stillinga som direktør for Norec er eit åremål på seks år, med moglegheit for forlenging i ein periode. Mellingen vil tiltre i august 2026.