Mehl til politi og rett i Telemark

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl besøker Notodden politistasjon og tinghus i morgon, tysdag 2. november. Onsdag 3. november skal ho besøke politiet i Seljord før ho drar til tinghuset i Kviteseid og jordskrifteretten.

Under besøket ønskjer ho å vite meir om arbeidet til politiet og tingretten, og utviklinga og erfaringane etter nærpolitireforma og domstolreforma.

Program:

Tysdag 2. november 2021:

Kl. 13.30 Notodden politistasjon

Adresse: Heddalsveien 28, 3674 Notodden

Kl. 14.45 Tinghuset på Notodden

Heddalsvegen 28, 3674 Notodden (same adresse som politistasjonen)

Kl. 16.00-16.30 Statsråden er tilgjengeleg for media.

Onsdag 3. november 2021:

Kl. 09.30: Seljord politistasjon

Adresse : Ingrid Slettens veg 4a, 3840 Seljord

Kl. 10.30-11.00 Statsråden er tilgjengeleg for media.

Kl. 12.15- 13.15 Tinghuset i Kviteseid og jordskifteretten

Adresse: Statens Hus, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid

Kl. 13.15 -13.30 Statsråden er tilgjengeleg for media.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Justis- og beredskapsdepartementet Trude Larstad, 936 67 742