Revidert nasjonalbudsjett

Meir pengar til vedlikehald av riksvegane og til lokale gang- og sykkelvegar

- Vi må ta vare på det vi allereie har. Denne regjeringa har satsa ambisiøst på å redusere vedlikehaldsetterslepet både på veg og bane. No aukar vi løyvinga til drift og vedlikehald av riksvegar med om lag 250 millionar kroner. I tillegg ønsker vi å bruke 212 millionar kroner til lokale tiltak i Bergensområdet og Trondheimsområdet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å omdisponere 248,4 millionar kroner til  vedlikehald av riksvegane. Utbetring av setningsskader, tunneltryggleik, belysning og tiltak mot utforkøyringar er eksemplar på tiltak som nå kan bli gjennomført i år. Statens vegvesen fordeler midla på aktuelle prosjekt.

- Vi ønsker å prioritere tiltak som vil betre trafikktryggleiken og framkomme. Med desse midlane vil det vere mogleg å gjere ekstra vedlikehald på riksvegane over heile landet, seier Hareide.

Midlar til lokale tiltak i Bergensområdet og Trondheimsområdet

Regjeringa foreslår å sette av 212 millionar kroner til lokale tiltak i byvekstavtalane for Bergensområdet og Trondheimsområdet.

Det kan vere etablering av gang- og sykkelvegar, samt kollektivtiltak, langs dei kommunale og fylkeskommunale vegane, og vil bidra til å nå måla i byvekstavtalane.

- Dette vil gjere det enklare å ferdast i Bergen og Trondheim. Ved å auke støtta til to av våre største byområde, legg vi til rette for at fleire kan velje kollektivtransport,  sykkelen eller å gå, seier samferdselsministeren.

For Bergensområdet foreslår regjeringa om lag 57 millionar kroner. Prosjekt som kan vere aktuelle, er gang-, sykkel og kollektivtiltak på Paradis, gang- og sykkelveg på fv. 404 Kvamsbrekko i Lindås, kulvert og busstopp på Idrettsvegen i Øygarden og etablering av gangveg mellom helsehuset og Såtabu i Knarvik.

For Trondheimsområdet foreslår regjeringa om lag 155 millionar kroner. Prosjekt som kan vere aktuelle, er lokalt sykkelvegsystem på Sluppen, gang- og sykkelbru over E6 i Melhus, og gang og sykkelbru over Bjørndalen (Saupstadbrua).