Ny lov om offentlege anskaffingar:

Meir samfunnsansvar i offentlege innkjøp

Ei ny lov om offentlege anskaffingar skal bidra til fleire grøne innkjøp og fleire lærlingar.

- Staten og kommunane har stor makt som innkjøparar. I den nye lova har vi prioritert utfordringane innan miljø og klima, kampen mot arbeidslivskriminalitet og omsynet til menneskerettar, seier næringsminister Monica Mæland.

Det offentlege kjøper kvart år inn varer og tenester for over 460 milliardar kroner. Regjeringa har nå lagt fram forslag til ei ny lov om offentlege anskaffingar. 

Nokre av dei viktigaste endringane i forslaget til ny lov er:

  • Nye reglar som varetek miljø, menneskerettigheter og krav om bruk av lærlingar.
  • Avgrensing i kor mange ledd  leverandørkjeda kan ha.
  • På ny gi Klagenemnda for offentlige anskaffingar (KOFA) mogelegheit til å gi gebyr ved ulovlige direkte anskaffingar.

- Handhevinga av ulovleg direkte anskaffingar fungerer ikkje godt nok i dag. Vi må derfor gi klagenemnda eit effektivt verktøy slik at ho kan  slå ned på grove brot på reglane, seier Mæland.

Dei seinare åra har det vært aukande kritikk om at reglane for anskaffingar er for detaljerte og kompliserte. Departementet ynskjer forenklingar og auka fleksibilitet.

Lovforslaget regjeringa har lagt fram bygger på utrgreiinga «Enklere regler – bedre anskaffelser». Utgreiinga gjeld den norske delen av regelverket for anskaffingar.

Bakgrunnen for det nye lovforslaget er i tillegg EU sine tre nye direktiv om offentlige anskaffingar som Noreg skal gjennomføre.

Viktige forenklingar i forskriftene blei vedteke i fjor sommar. Departementet vil vedta tre heilt nye forskrifter for anskaffingar til våren. Dei inneheld fleire forenklingar.

Nærings- og fiskeridepartementet tar sikte på at den nye loven om anskaffingar og dei tre nye forskriftene skal tre i kraft 1. juli 2016. Det føreset at direktiva er innlemma i EØS-avtalen innan dette tidspunktet.

 Les proposisjonen her.