Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Meir til forsking på klima

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 35 millionar kroner til Forskingsrådet for å styrke forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing. Regjeringa foreslår å løyve 210 millionar kroner til klimarelatert forsking i 2020, dette er ein auke på 138 millionar kroner frå 2013.

I tillegg blir Norsk Polarinstitutt foreslått styrkt med 5 millionar kroner til forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis.

- Kunnskaps- og teknologiutvikling er heilt avgjerande for omstilling til lågutsleppssamfunnet og for at vi skal nå klimamåla. Noreg har gode moglegheiter for grøn innovasjon. Meir kunnskap om koplingane mellom klima og natur vil òg vere ein del av denne satsinga, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Forskingsrådet med til saman 35 millionar kroner i 2020.

Regjeringa styrker òg forskinga i Antarktis med 5 millionar kroner. Pengane skal gå til Polarinstituttets forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis. Dei skal òg dekke eit aukande behov for kunnskap i miljøsamarbeidet under Antarktis-traktaten og CCAMLR-konvensjonen om bevaring av marine levande ressursar, mellom anna som følge av endra klima- og miljøforhold og aukande kommersiell aktivitet. Forsking på klima, is, hav og marine økosystem vil prioriterast.