Historisk arkiv

Meir undervisning mellom russetid og eksamen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Ei arbeidsgruppe nedsett av Kunnskapsdepartementet foreslår å korte ned eksamensperioden til fem dagar – slik at elevane får ei veke meir med undervisning.

– Vi veit at mange elevar i vidaregåande skole ikkje får alle undervisningstimane dei har krav på. Forslaget om å gi elevane ei veke meir med undervisning før dei avlegg eksamen er derfor interessant. Men eg vil no bruke litt meir tid til å sette meg inn i rapporten og anbefalingane frå arbeidsgruppa før vi konkluderer, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I fjor haust kom ein rapport frå NIFU som viste at mange elevar ikkje får det minstetimetalet med opplæring dei har krav på. Eksamensperioden er den viktigaste årsaka til at planlagde undervisningstimar fell bort.

Meir tid til opplæring

Onsdag fekk kunnskapsministeren ein rapport frå arbeidsgruppa som har vurdert mogelege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring. Arbeidsgruppa har mellom anna sett på undervisningstid, eksamen og eksamensførebuingar. Utdanningsdirektør Anne Hjermann frå Fylkesmannen i Hordaland har leia arbeidsgruppa.

– Vi har sett oss grundig inn i problemstillingane knytt til eksamen, russetid og opplæringa til elevane. Heile arbeidsgruppa står samla om at ein bør finne løysingar som gir elevane den opplæringa dei har krav på, seier Anne Hjermann.

Elevorganisasjonen og lærarorganisasjonane har vore med i arbeidsgruppa, og støttar forslaga. Det gjer også representantar frå fylkeskommunar og skolar.

Anbefaler ikkje eksamen før 17. mai

Arbeidsgruppa har vurdert om eksamen bør flyttast til før 17. mai, men meiner dette ikkje vil vere ei god løysing. Ei samla arbeidsgruppe meiner det er feil å ta omsyn til russefeiringa når skoleåret og eksamensperioden skal planleggast, og viser mellom anna til at ein tidlegare eksamensperiode vil gi kortare opplæringstid og gjere det vanskeleg å utnytte heile skoleåret.

Arbeidsgruppa foreslår ei organisering av skoleåret der dei sentralt gitte skriftlege eksamenane blir gjennomførte i løpet av fem dagar. Det opnar for at opplæringstida i forkant av eksamen blir ei veke lengre enn i dag, og det gir samtidig skolane betre føresetnader for å oppfylle krava til årstimetal.

Arbeidsgruppa foreslår tre ulike modellar:

1) Omfanget og fordelinga av eksamenar mellom trinna som i dag: Tre skriftlege eksamenar og ein munnleg eksamen for Vg3, ein eksamen for Vg2 studieførebuande program og ein eksamen for 20 % av elevane på Vg1 studieførebuande. Eksamen i alle trekkfag for Vg3 blir gjennomført i løpet av to eksamensdagar, med to alternative oppgåvesett for alle dei sentrale programfaga.

2) Ei jamnare fordeling av eksamenar mellom trinna: Alle elevar på studieførebuande utdanningsprogram skal ha ein eksamen på Vg1. På Vg3 reduserer ein frå tre til to skriftlege eksamenar. Det samla omfanget av eksamen vil vere som i dag for 80 % av elevane på studieførebuande program. Det blir ein auke i eksamenar for yrkesfag.

3) Seks  eksamenar for elevane på studieførebuande program: Ein eksamen for alle elevar på Vg1, to eksamenar (norsk sidemål og eitt anna fag) på Vg2, og to skriftlege og ein munnleg eksamen på Vg3. Dette alternativet synleggjer sidemål på Vg2 og elevens programfag på Vg3. Forslaget er aktuelt dersom vurderingsordningane i norsk blir endra i samband med fornyinga av læreplanar. Arbeidsgruppa meiner denne modellen er mest interessant.

– Ein grundig og god jobb
–  Arbeidsgruppa har gjort ein grundig og god jobb. No skal eg sette meg inn i rapporten, og sjå på kva for løysingar vi bør velje. I utgangspunktet er eg positiv til å finne måtar å korte ned eksamensperioden på, for å gi meir opplæring til elevane, seier Røe Isaksen.

– Skal elevane bli best mogeleg rusta til vidare utdanning og arbeid må dei få den undervisninga dei har krav på før dei går opp til eksamen, understrekar kunnskapsminsteren. 

Fakta

Kunnskapsdepartementet nedsette i oktober 2016 ei arbeidsgruppe som skulle vurdere mogelege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring. Fristen for arbeidet var 15. juni 2017.

Arbeidsgruppa har bestått av: Anne Hjermann, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Hordaland ( leiar), John Arve Eide, fylkesdirektør, Akershus fylkeskommune (KS), Svein Heggheim, fylkesdirektør, Hordaland fylkeskommune (KS), Stig Johannessen, rektor ved Hamar katedralskole, Skolelederforbundet

Tonje Leborg, rådgivar, Norsk Lektorlag, Sylvia Helene Lind, leiar, Elevorganisasjonen

Martin Minken, seniorrådgivar, Utdanningsforbundet og Lothar Schüren, forbundssekretær, Skolenes landsforbund.

I fjor kom NIFU-rapporten"Får elevene den opplæringen de har krav på? Kartlegging av undervisningstimer med kvalifiserte lærere i videregående opplæring." Rapporten viste at mange elevar ikkje får den opplæringa dei har krav på.

Les heile rapporten om skoleåret i vidaregåande opplæring her.