Mellombels kompensasjonsordning som følgje av lågare grenseverdi for kadmium i lauk
Nyheit | Dato: 01.07.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet har onsdag 1. juli fastsett ei mellombels forskrift om ei kompensasjonsordning som gjeld for lauk produsert i vekstsesongen 2026. Ho skal avhjelpe økonomiske konsekvensar for laukprodusentar som følgje av innføring av lågare grenseverdi for kadmium i lauk.
Kompensasjonen skal tilsvare 95 prosent av produktet ein får ved å multiplisere det avviste volumet med noteringsprisen same veka som lauken vart pakka. Dette gjeld berre lauk til konsummarknaden. For å kunne få kompensasjon, må kadmiuminnhaldet i lauken vere høgare enn grenseverdien som gjeld frå 1. juli 2026, men lågare enn grenseverdien som gjaldt før dette tidspunktet. Det inneber at lauk med eit kadmiuminnhald, som svarar til eller er over dei gamle grenseverdiane, ikkje er omfatta. Ordninga gjeld lauk som er produsert i 2026. For lauk som ligg på lager, vil prøvetakinga og avvisinga kunne skje utover vinteren og våren 2027.
Partane i jordbruksoppgjeret i år vart samde om å vidareføre kompensasjonsordninga også for vekstsesongen 2027, men under føresetnad av at risikoreduserande tiltak, som til dømes kalking, er gjennomført. Departementet tek sikte på å kome tilbake med den nærmare utforminga av ei slik ordning innan utgangen av året.
Kadmium er eit tungmetall som finst naturleg i jorda i område som er rikt på alunskifer. Dette gjeld primært laukproduksjonen i områda rundt Mjøsa.