Midlar til å starte opp omstillingsarbeid i Sør-Varanger og Rissa

Konkursen i Sydvaranger Gruve AS i Sør-Varanger førte til at om lag 400 personar mista jobben sin. Ved konkursen i Noryards Fosen AS i Rissa mista om lag 260 personar jobben sin. I tillegg kjem dei indirekte verknadane. Dette gjer situasjonen i dei to kommunane utfordrande.

- Eg ser alvorleg på den vanskelege situasjonen i både Sør-Varanger og Rissa. Det gjer det viktig å kome i gong med omstillingsarbeidet. Vi har løyvd 5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2016 til Sør-Varanger og 3 millionar kroner til Rissa slik at kommunane i samarbeid med aktuelle partnarar kan starte omstillingsarbeidet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede Finnmark og Sør-Trøndelag fylkeskommunar, i samarbeid med kommunane, om å få utarbeidd ein analyse av dei samfunnsmessige konsekvensane av nedleggingane. Når dei to analysane ligg føre, vil regjeringa kunne handsame søknadane om ekstraordinære statlege omstillingsmidlar.

Det er i utgangspunktet fylkeskommunane som har ansvar for arbeidet med omstilling i eige fylke. KMD har erfaringar frå andre omstillingsprosessar i andre deler av landet som ein vil kunne byggje på. Her vil Innovasjon Norge også vere ein sentral partnar. Det er difor viktig med eit nært samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunen og Innovasjon Norge.  

- Eg vonar dette kan medverka til at kommunane raskt kan kome i gang med arbeidet med å skape ny vekst og nye arbeidsplassar, seier statsråd Sanner.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00