Næringsminister Cecilie Myrseth ved eit besøk til eit smelteverk i 2025.
Næringsminister Cecilie Myrseth ved eit besøk til eit smelteverk i 2025. Foto: NFD

– Noreg er ein viktig europeisk produsent av fleire kritiske råmateriale, og er opptekne av å bidra til å levere kritiske råmateriale til allierte land. Tala for 2025 viser at den norske mineralnæringa er ei strategisk og viktig eksportnæring for Noreg, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Mineralsalet i 2025 utgjorde 13,9 milliardar kroner, der eksporten stod for 7,2 milliardar kroner. Det viser tal frå Harde fakta, Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) sin årlege statistikkpublikasjon om norsk mineralindustri. Harde fakta fyller ti år i 2026, og gir eit styrkt kunnskapsgrunnlag om utviklinga i norsk mineralnæring.

Over halvparten av verdiane som blir skapte i norsk mineralnæring kjem frå eksport til internasjonale marknader. Mineralproduksjon går føre seg i alle fylka i landet, og næringa sysselset over 4.500 personar. Sjå oversikt over dei tre største bedriftene per fylke nedst.

– Med den nye minerallova, som tredde i kraft 1. juli 2026, legg vi betre til rette for investeringar, verdiskaping og berekraftig vekst i ei næring med stort potensial. Den globale etterspurnaden etter minerala som trengst til grøn omstilling, forsvarsindustri og strategiske verdikjeder vil halde fram med å auke kraftig. Derfor treng vi ei ny lønnsam og berekraftig utvinning og produksjon av mineral, og her kan Noreg spele ei endå større rolle enn i dag, seier Myrseth.

I Noreg blir dei kritiske minerala feltspat og grafitt vunne ut, samt ilmenitt, rutil og kvarts, som kan brukast i produksjon av kritiske råstoff.

– Desse minerala er viktige komponentar i industrielle verdikjeder. Til dømes er grafitt eit viktig råstoff for batteriproduksjon, medan kvarts er råstoff for silisium som igjen er ein sentral komponent mellom anna i mikrobrikker. Dette betyr at norsk mineralindustri kan bidra til å styrke europeisk forsyningstryggleik, seier direktør for DMF, Bjarte Rambjør Heide.

Les heile rapporten her.

Hovudtal: Eksport frå mineralnæringa i 2025

  • Samla salsverdi i heile mineralnæringa var i 2025 13,9 mrd. kroner.
  • Eksportverdien var på 7,2 mrd. kroner.
  • 51,8 prosent av samla salsverdi kom frå eksport.
  • Prisjustert salsverdi gjekk ned 6,6 prosent frå 2024. Dette er første nedgang i nominell salsverdi sidan 2016.
  • Den norske mineralnæringa er dominert av nokre få store aktørar som står for nær halvparten av den samla salsverdien i næringa.
  • Industrimineral og metallisk malm stod for over halvparten (55,8 prosent) av eksportverdien.
  • Byggeråstoff er framleis den største mineralgruppa i Noreg både i volum og salsverdi, og er ein sentral ressurs for bygging av bustader, samferdselsprosjekt og annan infrastruktur.
  • Eksport av norske mineral omfattar alle mineralkategoriane.
  • Mineralnæringa sysselsette 4.516 årsverk i 2025, med flest årsverk i Nordland og Rogaland.

Merk at fleire uttakshavarar er aktive i fleire fylke, og er derfor lista fleire gonger.

Agder:

VELDE FJELLBORING AS
Repstad Anlegg AS
Ringknuten Pukkverk AS

Akershus:

Feiring Bruk AS
Franzefoss Pukk AS
Svelviksand AS

Buskerud:

John Myrvang AS
Franzefoss Pukk AS
Sibelco Nordic AS

Finnmark:

Sibelco Nordic AS
Elkem Tana AS
Alta Skiferbrudd SA

Innlandet:

Gunnar Holth Grusforretning AS
FRANZEFOSS MINERALS AS
Hamar Pukk og Grus

Møre og Romsdal:

Sibelco Nordic AS
Visnes Kalk og Marmorbrudd AS
Veidekke Industri AS

Nordland:

Rana Gruber AS
Brønnøy Kalk AS
FRANZEFOSS MINERALS AS

Oslo:

Franzefoss Pukk AS
Grorud Granitt og Skifer AS

Rogaland:

Norsk Stein AS
Titania AS
Rekefjord Stone AS

Telemark:

NCC INDUSTRY AS
HEIDELBERG MATERIALS SEMENT NORGE AS
ERAMET NORWAY AS

Troms:

SWEROCK AS
Skaland Graphite AS
Bergneset Pukk & Grus AS

Trøndelag:

Verdalskalk AS
Franzefoss Pukk AS
Minera Skifer AS

Vestfold:

Lundhs AS
Tønsberg Granit AS
Veidekke Industri AS

Vestland:

Bremanger Quarry AS
DC HALSVIK AGGREGATES AS
Gudvangen Stein AS

Østfold:

Skolt Pukkverk AS
RÅDE GRAVESERVICE EIENDOM AS
Ole og Peder Ødegård AS