Møte om flaumsituasjonen på Austlandet

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har i dag hatt møte med næringsorganisasjonane, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet om flaumsituasjonen på Austlandet. Føremålet med møtet var å få ein oppdatert status på situasjonen for jord- og skobruksnæringa, og drøfte særskilte tiltak og oppfølgjing på kort og lang sikt.

Skadeomfanget for jord- og skogbruket på Austlandet er stort i dei områda som er råka. Dette er ei pågåande hending, og det er ikkje mogleg å utarbeide ein samla oversikt over omfanget før flaumen trekk seg tilbake

– Det er viktig for meg å bli oppdatert på dei behova og utfordringane som jord- og skogbruksnæringane no står overfor. Dette har store konsekvensar for dei som er råka. Eg vil følgje situasjonen tett dei neste dagane, og har bede Landbruksdirektoratet og Mattilsynet om å halde meg fortløpande informert om utviklinga, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad. 

– Vi har gode ordningar i jord- og skogbruk når ekstraordinære situasjonar som denne oppstår, både gjennom den statlege naturskadeordninga og tilskott ved produksjonssvikt, seier Pollestad.

Meir informasjon om ordningane for naturskadeordninga og tilskott ved produksjonssvikt ligg på landbruksdirektoratet si nettside Husk å dokumentere skader ved flom - Landbruksdirektoratet