Presseinvitasjon:

Mottar FN-rapport om rusførebygging

Ein representant frå FN sitt kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) i Wien overleverer ein rapport om norske førebyggingsinitiativer på rusområdet.

Nett-tv A Game-Changer in Drug Prevention

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

I samarbeid med Korus Oslo, som er eit kompetansesenter på rusområdet, har UNODC gjennomført eit pilotprosjekt i Norge, der dei har vurdert i kva grad dei norske førebyggingsinitiativa samsvarer med dei internasjonale standardane for narkotikaførebygging som er nedfelt i International Standards on Drug Use Prevention (unodc.org, PDF)

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen representerte politisk leiing under arrangementet og mottok rapporten frå prosjektleiar Giovanna Campello frå UNODC.

Strauming

Arrangementet blei filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga i vindauget ovafor. Der kan du òg laste ned videofila. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.