Næringsministeren til Buskerud

Eksport, grøn industri, robotar og teknologi står på agendaen når næringsminister Jan Christian Vestre reiser til Buskerud tysdag 14. desember. Statsråden møter bedrifter i Kongsberg, Hokksund og Drammen.

Næringsminister Jan Christian Vestre

–  Buskerud er ei høgborg for industri og teknologi, og eg er glad for at eg får treffe på nokre av dei hardtarbeidande folka som står bak. Det grøne skiftet treng fleire gode norske løysingar, og bedriftene eg skal møte i Buskerud bidrar til nettopp det,  seier næringsminister Jan Christian Vestre. 

Kontakt: Presse som ønsker å dekke reisa bes om melde interesse til kommunikasjonsrådgivar Tore Becker på epost tore.becker@nfd.dep.no eller Tlf. 40 49 79 16. Av omsyn til smittevern er det avgrensa med plassar. 

Program (med atterhald om endringar):

10.45: Næringsministeren møter Kongsberg Innovasjon, Kongsberg Klyngen, Kongsberg næringsforum og varaordføraren til Kongsberg.

Stad: Kongsberg teknologipark ved Kongsberg Innovasjon, Kirkegårdsveien 45, Kongsberg

 

10:55: Næringsministeren får høyre korleis Kongsberg Maritime jobbar med grøn omstilling og eksport.

Stad: Kongsberg teknologipark ved Kongsberg Maritime, Carpus, Kirkegårdsveien 45, Kongsberg

 

11:55: Næringsministeren deltar på ein mini-utstilling med bedrifter frå Kongsberg. Her møter han bedrifter som mellom anna jobbar med sjølvkøyrande køyretøy, fjernstyrte robotar under vatn, produksjon av lågutsleppsgjødsel og havvind som spaltar vatn og lagar hydrogen.

Stad: Kongsberg teknologipark ved Kongsberg Innovasjon, Kirkegårdsveien 45, Kongsberg

 

12:40: Næringsministeren besøker verkstaden til energi- og teknologiselskapet Technip FMC.

Stad: Kongsberg teknologipark ved Technip FMC verkstad, Kirkegårdsveien 45, Kongsberg.

13:45: Næringsministeren besøker papirprodusenten Hellefoss AS.

Stad: Hellefossveien 113, Hokksund.  

 

14:35: Besøk hos OSO Hotwater AS, produsent av vannvarmere. Familieføretak med lang erfaring i bruk av robotar og automatiske løysingar.

Stad: Industriveien 1, Hokksund.

 

16:15: God avfallshandtering og ressursutnytting er tema når statsråden besøker Lindum AS i Drammen. 

Stad: Lerpeveien 155, Drammen.

Praktisk info:

  • Følg dei gjeldande nasjonale og lokale anbefalingane for god smittevern.
  • Personar som er sjuke skal ikkje komma på arrangementet.
  • Ha god handhygiene og unngå handhelsing.
  • Hold minst ein meters avstand til andre, og bruk munnbind dersom dette ikkje skulle vere mogleg.