Historisk arkiv

Nasjonal jordvernpris 2017 til Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Vestfold fylkeskommune er tildelt nasjonal jordvernpris 2017 på bakgrunn av sitt tydelege mål, i sin Regionale plan for berekraftig arealpolitikk, om vern av matjordareal i fylkeskommunen.

Planen inneheld retningsliner som bidreg til eit langsiktig vern av dyrka jord utanfor dei langsiktige utviklingsgrensene som er fastsett ut frå planen, også dyrkbar jord og produktiv skog. 

Den Nasjonale jordvernprisen blei delt ut av statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal (Frp) i landbruks- og matdepartementet i samband med eit møte i fylkestinget i Vestfold torsdag 28. september i Tønsberg. Heile fylkestinget var til stades under utdelinga. 

– Det har dei siste åra vore mykje oppmerksemd knytt til jordvern og omdisponering av dyrka mark. Det er bra. Vi treng kommunar, fylkeskommunar, innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar som har kunnskap om jordvern for at vi skal klare å bevare jord og sørgje for auka matproduksjon i åra framover, seier Blåfjelldal. 

Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i Regjeringa sin nasjonale jordvernstrategi. Prisen skal bidra til å auke bevisstheita om jordvernet, og få fram gode idéar, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår. Juryen, som blei leia av landbruks- og matminister Dale, har vurdert 23 nominerte kandidatar. 

Frå utdelinga av Nasjonal jordvernpris i Vestfold i dag.
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal og fylkesordførar Rune Hogsnes, under utdelinga av Nasjonal jordvernpris i Vestfold i dag. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Juryen har bestått av:

  • Jon Georg Dale (statsråd og leiar av juryen)
  • Brita Skallerud (Norges Bondelag)
  • Arne Lofthus (Norsk Bonde og Småbrukarlag)
  • Anne Karine Halvorsen Thorén (Norske landskapsarkitekters forening)
  • Halvard Dahle Lægreid (KS) 

Grunngjeving for prisen:

Vestfold fylkeskommune er tildelt den nasjonale jordvernprisen 2017 for sitt arbeid med jordvern, særleg med bakgrunn i tydelege mål og strategiar for å ta vare på dyrka mark i fylkeskommunens regionale plan for berekraftig arealpolitikk (RPBA). Jordbruksareala si verdi for landskapet er gjort tydeleg gjennom temakart for viktige natur- og kulturlandskapsmiljø. Planen gir eit godt fagleg grunnlag for kommunanes arealplanlegging. Vestfold fylkeskommune inspirerer og motiverer også andre regionar og fylke og framstår som eit godt døme for andre. Juryen trekker fram at planen er blitt utarbeidd i eit breidt samarbeid med kommunane, slik at dei har fått eit godt eigarskap til planen. Det blir også lagt vekt på at planen er nyskapande med sine retningsliner og rettleier om utarbeiding av matjordplan. Juryen meiner dette legger godt til rette for at kommunane i mindre grad omdisponerer dyrka mark og finn gode alternativ i planlegginga.