Historisk arkiv

Nasjonale prøvar: Stabile resultat over tid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Det er ingen store endringar i prestasjonane på nasjonalt nivå sidan i fjor og resultata har vore stabile over tid.

– Vi veit ikkje enno om prestasjonane er påverka av at vi stengde skulane denne våren. Gutane presterer litt svakare samanlikna med i fjor, men vi veit frå andre undersøkingar at kjønnsforskjellane i til dømes lesing har auka over tid. Vi må fortsetje jobben med å sikre at alle elevar får styrka dei grunnleggande ferdigheitene sine, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Om lag 180 000 elevar i 5., 8. og 9. trinn har gjennomført dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk denne hausten. I dag publiserer Utdanningsdirektoratet resultata.

Gutar betre i rekning, jenter betre i lesing

Resultata frå prøvane i år viser mellom anna at:

  • I snitt er det ingen store endringar i prestasjonane på nasjonalt nivå sidan i fjor, og resultata har vore stabile over tid.
  • Gutane presterer likevel litt svakare på alle prøvane i år samanlikna med i fjor. Til dømes har andelen gutar på det høgaste meistringsnivået gått ned i alle tre ferdigheitene på 5. trinn. 
  • Det er fleire gutar som presterer litt betre enn jentene i rekning. I lesing er det jentene som gjer det betre. I engelsk presterer gutane og jentene meir jamt. Desse kjønnsforskjellane har vore stabile over tid.

Har styrka arbeidet med tidleg innsats og kjønnsforskjellane

Regjeringa har sidan 2014 teke fleire grep mot kjønnsforskjellane. Ho har mellom anna styrka arbeidet med tidleg innsats og innført nye læreplanar. Læreplanane prioriterer og tydeleggjer dei grunnleggande ferdigheitene i skriving, rekning, lesing og digitale- og munnlege ferdigheiter.

– Elevar som gjer det dårleg i nasjonale prøver, har lettare for å falle frå i vidaregåande skule. Dei nasjonale prøvane gir viktig kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter. Lærarane og kommunane bør bruke prøvene til å følge opp elevar som treng ekstra hjelp og støtte, seier Melby.

Fakta om nasjonale prøvar

  • Formålet med nasjonale prøvar er å gi skulen kunnskap om kor gode ferdigheiter elevane har i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.
  • Det er tre meistringsnivå på 5. trinn, og fem meistringsnivå på 8. trinn.
  • Deltakinga på dei nasjonale prøvane er generelt høg. På 5. trinn 93 prosent i lesing og engelsk, og 94 prosent i rekning. På 8. trinn var deltakinga 95 prosent.
  • Sjå fleire resultat for kommunar og skular i Skoleporten og udir.no/statistikk