Styrka med 50 millionar:
Nesten alle kommunar søkte på Helseteknologiordninga
Nyheit | Dato: 24.01.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Nesten alle landets kommunar var med på søknadar om midlar til Helseteknologiordninga då fristen for å søke gikk ut 15. januar.
I 2026 er Helseteknologiordninga varig styrka med 50 millionar kroner, noko som gir eit samla tilskotsramme på 199 millionar kroner.
Til saman 344 av landets 357 kommunar – og alle landets 15 fylkeskommunar – deltar i minst éin søknad, og dei har søkt om tre gangar så mykje som den summen som er utlyst.
– Noreg skal ha verdas mest digitaliserte helseteneste. Derfor satsar vi på Helseteknologiordninga og styrka den med 50 millionar kroner i statsbudsjettet for i år. Det gjer at fleire gode prosjekt kan få støtte, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Fleire kommunar går saman
Ved tildelinga i fjor blei 309 kommunar og alle fylkeskommunar tildelt midlar. Dei fleste av kommunane går saman om ein eller fleire søknader.
Til dømes er det mange kommunar som er i gang med å skifte ut gammaldagse pasientjournalar. Helseteknologiordninga har prioritert støtte til desse prosjekta. Eit døme er Bodø og 21 andre kommunar i Nordland og Troms som har gått til anskaffing av ei ny journalløysing som gir over 240 000 innbyggarar og 13 000 helsepersonell eit moderne og meir effektivt arbeidsverktøy.
– Helseteknologiordninga har utløyst stor aktivitet i kommunane, og har blitt eit viktig verkemiddel for å styrke digitaliseringa i kommunane. Ikkje minst seier også leverandørane at ordninga verkar som ein motor, og at det er ein fordel for både kunde og leverandør når fleire kommunar samarbeider om anskaffingar, seier Vestre.
– Framover må vi klare å bruke dei ressursane vi har i helsetenesta vår mest mulig effektivt. Helseteknologiordninga er eit avgjerande verktøy for at kommunar kjem i gang med nye løysingar, slik at vi får til nettopp dette.
Fordeling av midlane
Kven som blir tildelt midlar blir kjent i midten av februar.
Helsepersonellsparande teknologi innan journalløysingar, velferdsteknologi og digital heimeoppfølging blir prioriterte ved tildelinga.
Kva er Helseteknologiordninga?
- I 2026 er Helseteknologiordninga varig styrka med 50 millionar kroner, noko som gir eit samla tilskot på 199 millionar kroner.
- Kommunar og fylkeskommer kan søke på tilskotsmidlar for 152 millionar kroner.
- KS mottar tilskot på 45 millionar kroner som går til å støtte kommunane i innføring av helseteknologi.
- Tilskot til standardiseringsorganisasjonar utgjer to millionar kroner
- Helsedirektoratet etablerte i 2025 ei rettleiings- og godkjenningsordning med ei samla oversikt over nasjonale krav og godkjenningar for helseteknologi. Ordninga støttar mellom anna kommunar og fylkeskommunar ved anskaffing av løysingar.
- Regjeringa foreslo allereie i Hurdalsplattforma å etablere ei helseteknologiordning, og kommunar kunne sende inn søknader til ordninga frå slutten av 2023.
- Formålet med ordninga er å stimulere kommunar til å samordne seg og legge til rette for investeringar, anskaffingar og innføring av betre teknologiske løysingar.