Historisk arkiv

Ni av ti foreldre nøgde med barnehagen under korona-krisa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Sjølv om koronaen har påverka kvardagen i barnehagen, er ni av ti foreldre nøgde med tilbodet barna deira får. No innfrir heile 99 prosent av barnehagane kravet om bemanning.

Det viser nye tal frå Utdanningsdirektorat.

– Det viktigaste er at barna trivst og har det bra. Difor er eg glad for at så mange foreldre er nøgde, sjølv når koronasituasjonen har påverka tilbodet til barna. Dette viser at dei tilsette gjer ein god og viktig jobb, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Vil løfte kvaliteten i barnehagen

Den årlege undersøkinga blei starta av regjeringa i 2016 for å styrke dialogen om kvalitet mellom foreldra og barnehagane. I dag går 272 300 barn i barnehage.

128 000 foreldre har svart på 2020-undersøkinga. Her er nokre av hovudfunna:

  • 93 prosent av foreldra er svært eller ganske nøgde med barnehagen. Det er det same som i 2019.
  • Foreldra er spesielt nøgde med at barna trivst og er trygge på personalet (97 prosent). I år er også fleire nøgde med hygienen enn tidlegare (88 prosent).
  • Foreldra er mindre nøgde med mattilbodet. I 2020 var 62 prosent nøgde, ned frå 76 prosent i 2019. Det kan komme av at fleire barnehagar har endra eller fjerna tilbodet om mat under koronasituasjonen.
  • Andelen foreldre som ikkje er tilfredse med bemanningstettleiken i barnehagane har gått ned frå 19 prosent i 2019 til 16 prosent i 2020 (sjå fleire funn i tabell under).

Vil ha fleire pedagogar

Utdanningsdirektoratet publiserer no også ny statistikk om barnehagar. Han viser blant anna:

  • 99 prosent av barnehagane oppfyller bemanningsnorma, ein auke frå 94 prosent i 2019. I 2016, før norma blei innførd, oppfylte 55 prosent av barnehagane norma.
  • 69 prosent oppfyller pedagognorma utan dispensasjon, ein auke frå 64 prosent i 2019, og ein auke frå 53 prosent i 2018.
  • Korona har påverka opningstida. 4 prosent av barnehagane har hatt heilt stengt i løpet av hausten, og 9 prosent har hatt delvis stengt. 33 prosent har redusert opningstida i periodar.

– Alle foreldre skal vere trygge på at barna trivst og får god oppfølging i barnehagen. Ein god start på livet er nøkkelen til like moglegheiter i skolen og samfunnet. Difor er eg glad for at tilnærma alle barnehagar no oppfyller bemanningsnorma og fleire oppfyller pedagognorma. Det har vore ein viktig satsing for regjeringa at alle barn skal få oppfølging av eit godt personale, seier Melby.

– Utviklinga går rett veg, samstundes er det framleis for mange barnehagar som ikkje har nok barnehagelærarar. Pedagogane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å heve kvaliteten på tilbodet. Målet vårt er å auke andelen barnehagelærarar til 50 prosent av dei tilsette. Over fleire år har vi satsa på å styrke kompetansen i barnehagen, seier Melby.

  

Fakta om foreldreundersøkinga og normene:

  • I undersøkinga har foreldra svart på ein 5-punkts skala, frå heilt einig til heilt ueinig. Dei svarar på 30 spørsmål fordelt på ni hovudområde.
  • Bemanningsnorma blei innførd 1. august 2018. Krev at barnehagane har ei grunnbemanning som svarar til minimum ein tilsett per tre barn under tre år og ein tilsett per seks barn over tre år.
  • Pedagognorma blei skjerpa 1. august 2018. Krev at barnehagane har ein pedagogisk leiar per sju barn under tre år og ein pedagogisk leiar per fjorten barn over tre år.
  • Les meir om foreldreundersøkinga her og barnehagestatistikken frå Utdanningsdirektoratet her.
  • Sjå kva foreldra svarte om din barnehage på barnehagefakta.no

 


Foreldreundersøkinga for barnehagane 2020

Nasjonalt

Ute- og innemiljø

4,2

Relasjon mellom barn og voksen

4,5

Barnets trivsel

4,8

Informasjon

4,3

Barnets utvikling

4,6

Medverknad

4,3

Henting og levering

4,4

Tilvenning og skolestart

4,5

Tilfredsheit

4,5

Viser dei nasjonale resultata for dei ni hovudområda på skala frå 1 til 5.


Faktaramme: Regjeringa si satsing på innhald og kvalitet i barnehagen:

  • Innførte hausten 2017 ny rammeplan som gjer det tydelegare kva forpliktingar barnehagane har overfor barn og foreldre.
  • Etablerte i 2016 foreldreportalen barnehagefakta.no med nøkkelinformasjon om barnehagane, og nasjonal foreldreundersøking i systemet for kvalitet i barnehagen (KIB).
  • Skjerpa kravet til andel barnehagelærar hausten 2018.
  • Innførte hausten 2018 ei minstenorm for bemanning i barnehagen som tredde i kraft hausten 2019.
  • Hausten 2017 blei kompetansestrategien for barnehage revidert for perioden 2018 – 2022. Målet er å sikre at dei tilsette har kunnskapen som trengst for å følge opp rammeplanen.
  • I statsbudsjettet for 2021 har regjeringa sett av 430 millionar kroner til tiltak som fremmer kvalitet og kompetanse i barnehagen. Det er dobbelt så mykje pengar som i 2013.