– Alle elevar skal ha lik tilgang til vidaregåande opplæring, uavhengig av økonomi. Lånekassen skal gi utstyrsstipend til utstyr og pc som elevane treng for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det gjeld òg når elevane kombinerer skule og læretid i bedrift og har teikna lærekontrakt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Det var på Elevtinget i mars at kunnskapsministeren blei gjort merksam på utfordringa av ein elev og lærling i fiskeoppdrett. Han spurde statsråden kvifor han ikkje får utstyrsstipend til skule-pc. Fram til no har ikkje ungdom fått utstyrsstipend dersom dei både er elevar og lærlingar i bedrift samstundes – ei ordning for dei som vil ta heile yrkesfagløpet knytt til en bedrift.

No har kunnskapsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren sett på saka, og funnet en løysning saman med Lånekassen.

– Det er ein hovudprioritet for Arbeidarparti-regjeringa at elevar får fullført vidaregåande skule og blir kvalifiserte til læreplass, arbeid eller høgare utdanning. Vi treng alle hovud og hender vi kan få framover. Difor har vi bedt Lånekassen om å endre praksis allereie frå dette skuleåret, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland

Bidreg til mindre utanforskap

Med fullføringsretten som kom i 2024 har elevar rett til opplæring fram til dei har fullført vidaregåande med anten fagbrev eller vitnemål med studiekompetanse. Saman med stipendet er dette viktige grep for å hindre utanforskap gjennom stabil tilknyting til skule og kvalifisering til arbeidslivet.

– Vidaregåande opplæring skal vere gratis. Fylkeskommunane har ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel, og utstyrsstipendet gjennom Lånekassen skal bidra til å dekke utgiftene elevane har til anna nødvendig individuelt utstyr. Regjeringa har sidan 2021 auka utstyrsstipendet med heile 90 millionar kroner. Stipendet skal sikre meir like moglegheiter til å ta utdanning, seier Nordtun.

Stipendsatser for skoleåret 2026–27 fordelt på utdanningsprogram og programområdar:

1 427 kr

2 685 kr

4 331 kr

5 883 kr

7 353 kr

Studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse

Helse- og oppvekstfag

Studiespesialisering med toppidrett

Idrettsfag

Restaurant- og matfag

Medier og kommunikasjon

Naturbruk (programområda landbruk og studieforberedande for Vg3)

Elektro og datateknologi

Musikk, dans og drama, (programområde dans)

Håndverk, design og produktutvikling

Musikk, dans og drama (utanom programområdet dans)

Kunst, design og arkitektur

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, (utanom programområde frisør)

 

Bygg- og anleggsteknikk

 

Sal, service og reiseliv

Teknologi og industrifag, (utanom programområde kjemiprosess- og laboratoriefag)

 

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, (programområde frisør)

 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

   

Naturbruk (utandom programområdene landbruk og studieforberedende for Vg3)

 

Teknologi- og industrifag, (programområde kjemiprosess- og laboratoriefag)