No får du snart melding om at du kan sjekke medlemskap i trus- og livssynssamfunn
Nyheit | Dato: 25.11.2026 | Barne- og familiedepartementet
Måndag 30. november byrjar staten å sende ut meldingar om at du kan undersøke opplysningar om eige medlemskap i trus- og livssynssamfunn. Du mottek varsla på SMS eller e-post, og får ei lenger melding i Altinn.
– Du kan enkelt sjekke eige trus- eller livssynsmedlemskap om det er oppført i Brønnøysundregistera. Har du eit medlemsskap som kan sjekkast, får du no beskjed om at du kan sjekke. Eg håpar folk brukar løysinga, og at det gjer at folk er medlem der dei ynskjer. Det handlar om trusfridom i praksis. Samtidig vil det kunne avdekke feilregistreringar og sikre ein betre kontroll, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
Etter at det har blitt avdekka fleire saker der folk har fått vite at dei er medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utan at dei har vært klar over det, styrkjer regjeringa kontrollen. Før jul sendast det tekstmelding eller e-post om at ein kan sjekke den registrerte medlemskapen sin til alle som har fylt 15 år og som står oppført i eit trus- eller livssynssamfunn. Innsynsløysinga i Brønnøysundregistera er ei moglegheit mange ikkje er klar over i dag. Tiltaket er i tråd med vedtak frå Stortinget 6. oktober 2026.
– Vi har satt i gong eit arbeid med å sjå på om regelverket og kontrollen med trus- og livssynssamfunn bør strammast inn. Moglegheita for sjølv å sjekke eiget medlemskap gjennom Brønnøysundregistera er eitt viktig tiltak for å styrkje tilliten og avdekke feil. Folk skal sjølv få avgjere kor dei vil vere medlem, og det skal ikkje bli gitt tilskot for feilregistrerte medlemskap, seier Vågslid.
Vil du melde deg inn i eller ut av eit trus- eller livssynssamfunn, må du kontakte det aktuelle samfunnet. Det same gjeld dersom du meiner at du feilaktig er registrert som medlem, eller har spørsmål om medlemskapet ditt.
Du kan også klage til Statsforvaltaren om at du har vore feiloppført i eit trus- eller livssynssamfunn. Dersom det blir meldt om feiloppføringar til Statsforvaltaren, vil for mykje utbetalt tilskot kunne bli kravd tilbakebetalt.
Meldingane vil bli sendt ut frå og med 30. november. Dei vil bli sendt ut puljevis. Det betyr at mange vil få ei tekstmelding eller ein e-post seinare enn denne datoen, men i tide til at dei har moglegheit til å melde seg inn eller ut av eit trus- eller livssynssamfunn innan utgangen av året.
Om dei logger seg inn i Brønnøysundregistera, vil dei kunne sjå kor dei var registrert som medlem ved starten av året. Dersom man har endra medlemskap i løpet av året, vil det først bli vist i månadsskiftet april/mai neste år.
Fakta
- Meldingane blir sendt ut via Altinn.
- Du får melding dersom eit trus- eller livssynssamfunn har satt fødselsnummeret ditt på si medlemsliste, og lista har blitt sendt til Brønnøysundregistera.
- Teksten som vil stå i meldinga frå Brønnøysundregistera på vegne av Barne- og familiedepartementet: «Du kan sjekke kva trus- eller livssynssamfunn du er registrert som medlem av. Logg inn i Altinn for å lesa meldinga.» Det vil ikkje vere lenkjer i SMS-en eller e-posten du får.
- Informasjon om kva for eit tru- eller livssynssamfunn du står oppført i, vil ikkje stå i SMS-en eller e-posten, fordi det blir sett på som sensitive personopplysningar som ikkje er ynskjeleg å sende ut direkte i ein SMS eller e-post.
- I Altinn-meldinga vil det liggje ei direktekopling til opplysningane om medlemskap i den digitale innsynsløysinga til Brønnøysundregistera. Man må logge seg på Altinn med BankId eller annan eID.
- Meldingane vil bli sendt til alle som har fylt 15 år pr. 31. desember 2026.
- Dei første meldingane vil bli sendt ut 30. november og deretter puljevis.
- Dei som ikkje bruker BankID eller annen eID, vil ha moglegheit til å ringje Brønnøysundregistera og få tilsendt eit brev med opplysningane om eige medlemskap.