No kan ein søkje om tilskot til investeringar i setrar med mjølkeproduksjon
Nyheit | Dato: 03.11.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet lyser no ut 11 millionar kroner til investeringar som skal bidra til å sikre langsiktig mjølkeproduksjon på setra. Søknadsfristen er 15. februar 2027.
– I år såg me at det var stor interesse og engasjement for den nye ordninga. Det er svært positivt. Seterdrifta er ikkje berre viktig for å utnytte utmarksressursane for verdifull matproduksjon. Det er også ein viktig del av vår felles kulturarv, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Ordninga vart etablert i 2025 og det vart sett av 8 millionar kroner, med 500 000 kroner per seter. Den første utbetalinga fann stad i år. Landbruksdirektoratet fekk inn totalt 118 søknader. 16 setrar over heile landet fekk tilskot.
I årets jordbruksoppgjer vart ordninga styrkt. Avtalepartane auka ramma for tilskotet for 2026 med 2 millionar kroner. For 2027 vart ordninga styrkt med 5 millionar kroner, til totalt 11 millionar kroner, som gjer at fleire brukarar kan få innvilga tilskot neste år.
Dei som får tilskot, forpliktar seg til å drive mjølkeproduksjon på setra i minst ti år framover. Midlane skal gå til investeringar i mellom anna driftsbygg, fastmontert tilhøyrande produksjonsutstyr og fast infrastruktur.
Talet på setrar i Noreg har vore i kraftig tilbakegang, og er om lag halvert dei siste 20 åra. Den nye tilskotsordninga er eitt av fleire grep for å støtte opp om aktiv seterdrift. Setring er viktig for å nytte utmarksressursane. I tillegg bidreg det til å oppretthalde det biologiske mangfaldet.