No kan Merkur-butikkar søke om straumstøtte

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Merkur-butikkane har ei viktig rolle i mange små lokalsamfunn kring om i Noreg, ofte som einaste butikk og sosial møtestad. Eg håpar at denne straumstøtta kan vere eit viktig bidrag i ei krevjande tid for mange av desse butikkane, seier Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminsiter (Sp).

Etter at det vart semje på Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til ei mellombels, rammestyrt straumstøtte for Merkur-butikkar, blei det lagd eit rammeverk for ordninga, som har vore på høyring. No er ei ny mellombels forskrift sett i kraft. 

– Det er om å gjere å få ut pengane så raskt som mogleg til dei Merkur-butikkane som treng ei handsrekning. Vi håpar butikkane no er klare til å søke, seier Gjelsvik.

Merkur-programmet er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel, retta inn mot daglegvarebutikkar i dei minste bygdene. Den nye straumstøtteordninga er mynta på Merkur-butikkar som har hatt ekstraordinært høge straumkostnadar denne hausten.

– Mange små daglegvarebutikkar i distrikta har fått kraftig høge straumrekningane denne hausten. No kan ein søke om å få dekka delar av desse kostnadane, seier Gjelsvik.

Ordninga inneber at butikkane kan få dekka straumutgifter i perioden september til desember 2022. Merkur-butikkane vil få dekka inntil 80% av gjennomsnittleg fakturert pris over 70 øre per kWh (eksklusive nettleige, påslag, fastledd og avgifter). 

Her finn du meir informasjon om straumstøtta.