Foreslår 100 millionar kroner for å styrke arbeidet med nytt nødnett
Pressemelding | Dato: 12.05.2026 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Regjeringa foreslår å styrke arbeidet til prosjektet nytt nødnett med 100 millionar kroner. Midlane skal mellom anna brukast til å intensivere arbeidet med nødvendig testing og utvikling, og sikre tilstrekkeleg kapasitet i prosjektorganisasjonen.
– Noreg treng eit nytt nødnett. Dagens nødnett byggjer på teknologi som i hovudsak baserer seg på talekommunikasjon. Eit nytt nødnett skal tilby effektive tale-, video- og datatenester, og byggje på den til kvar tid beste teknologien som i dag er 5G-teknologi. No styrker vi dette arbeidet, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Med nytt nødnett får om lag 150.000 brukarar i nød- og beredskapssektoren ei framtidsretta kommunikasjonsløysing. Det gjeld mellom anna brann, helse og politi, men også andre aktørar i totalforsvaret og beredskapen. Løysinga vil gjere det mogleg å dele data mellom aktørane, som bilete og video i tillegg til vanlege samtalar.
Målet er å gi nød- og beredskapsaktører ei rikare situasjonsforståing og dermed raskare hjelp til dei som treng det. Noreg skal realisere nytt nødnett over dei kommersielle netta til mobiloperatørane. Dette er ei løysing som skal gi auka robustheit og leggje til rette for kontinuerleg utvikling av tenestene.
– Nød- og beredskapsaktørane skal vere over på nytt nødnett innan utgangen av 2031. Det er ikkje lenge til. Før det må vi greie ut og teste løysingane skikkeleg, slik at vi får eit sikkert og robust nødnett i verdsklasse, seier Tung.
Les meir om arbeidet med nytt nødnett på Nkom sine sider(nkom.no)