Noko ulikt syn på leiken sin plass i skulen

Mange i skulen er opptekne av at leik har ein funksjon i barnas liv og læring også etter barnehagealder. Men synet på tilhøvet mellom leik og læring varierer, viser ei kunnskapsoppsummering om dei yngste elevane i skulen.

– Barnas behov for å leike blir ikkje borte når dei fyller seks år og begynner på skulen. For å gjere overgangen best mogleg og skape ein så god skule som mogleg for dei yngste, er det viktig med kunnskap om dei første åra. Denne rapporten gir eit nyttig oversyn over norsk og nordisk forsking om dei yngste elevane. Men rapporten viser også at det er stort behov for meir kunnskap om praksis i dagens skule, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Oppsummeringa er ein del av prosjektet «Klasserommets praksisformer 20 år etter – ei evaluering av seksårsreforma (Reform 97) og dei yngste barna sin skulekvardag». OsloMet har fått i oppdrag å evaluere seksårsreforma. Fram mot 2023 vil det kome ytterlegare to delrapportar og ein sluttrapport frå prosjektet.  

– Evalueringa skal finne ut om intensjonane med seksårsreforma og leikbasert læring er tatt vare på i skulen i dag. Det er mange ulike meiningar om dette temaet, så det er bra at vi får forskingsbasert kunnskap om den pedagogiske praksisen på dei yngste trinna, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Hege Nilssen.

Nokre sentrale funn frå nordiske studiar:

  • Både barnehagelærarar og førsteklasselærarar er opptekne av at overgangen frå barnehage til skule skal vere skånsam for barna. Det betyr at barna skal oppleve at det er samanheng mellom barnehage og skule, til dømes at dei skal kjenne igjen nokre av aktivitetane frå barnehagen. Leiken har ein sentral posisjon hos dei tilsette i barnehagen. Hos lærarane derimot, blir leiken sett på som noko barna gjer i friminutt, eller som ein aktivitet før ein «setter i gang med det som faktisk skal skje», altså undervising av fagleg innhald.
  • Skulen sett pris på leik i barnas liv og læring også etter barnehagealder, men synet på tilhøvet mellom leik og læring varierer. Nokre studiar viser at leiken er eit berande element i pedagogikken i første og andre klasse. Andre studiar viser at leiken blir styrt, planlagt og tilrettelagt av lærarane.
  • Barna sjølve er opptekne av vennskap og leik når dei snakkar om barnehagen, og dei er opptekne av å få behalde vennskapa sine når dei byrjar på skulen. Mange barn har positive forventingar til læringsutfordringar, samstundes som dei er urolege for å ikkje skulle meistre skulen.
  • Når barna begynner på skulen, saknar dei fridomen dei hadde i barnehagen til å kunne velje kva dei vil gjere, den frie leiken og uteområda. Både barnehage og skule er opptekne av omsorg og at barna skal oppleve ein trygg overgang frå barnehage til skule. Barnas akademiske læring og dugleik i lesing, skriving og matematikk kjem gjerne i andre rekkje.
  • Det er relativt stor semje mellom tilsette i barnehage og skule i synet på læring og undervising. Men det er usemje i synet på graden av vaksenstyring og høve barn har til å lære ut frå sine eigne interesser, og på kva måte dei kan medverke i ulike læringsaktivitetar.
  • Undervisingspraksis og læringsstrategiar blir påverka av auka klassestorleik og lærartettheit. Med større klassar blei fokuset til læraren retta mot å halde ro og orden, og elevane sat meir aleine og jobba med individuelle oppgåver. Samstundes fekk læraren mindre tid til å følgje opp enkeltelevar.