Kommisjonen skal avgjere erstatningskrav som er registrerte i Skaderegisteret for Ukraina. Han skal òg fastsetje erstatning for tap og skade som følgje av Russlands aggresjon. 

– Det at vi har slutta oss til denne konvensjonen, er ein del av Noregs langsiktige støtte til Ukraina. Kravskommisjonen er eit viktig steg mot oppreising og rettferd for offera for krigen. No må det internasjonale arbeidet halde fram, slik at fleire statar blir part i konvensjonen og han kan tre i kraft, seier utanriksminister Espen Barth Eide. 

Noreg ratifiserte konvensjonen 19. juni 2026 og overleverte ratifikasjonsdokumentet til generalsekretæren i Europarådet den 11. september. I tillegg til Noreg har ni andre statar og EU ratifisert konvensjonen. Det krevst 25 statspartar for at konvensjonen skal tre i kraft. Vidare internasjonal oppslutning vil derfor vere avgjerande, og Noreg vil halde fram med å arbeide for at fleire statar blir part i konvensjonen. 

Viktig for offera 

Kravskommisjonen skal behandle erstatningskrav frå personar, verksemder og offentlege organ som har lide tap eller skade som følgje av Russlands aggresjonskrig mot Ukraina sidan 24. februar 2022. Slike erstatningskrav kan mellom anna gjelde personskadar, skadar på eigedom og infrastruktur, miljøøydeleggingar, økonomiske tap for næringsverksemd og skade på kulturmiljø. 

– Kravskommisjonen blir ein sentral berebjelke i den internasjonale arkitekturen for ansvarleggjering av Russland. Han skal sikre at Ukraina og offera for krigen får krava sine behandla gjennom ein rettferdig prosess, og at det blir fastsett erstatning for dokumenterte tap og skadar, seier Eide.