Noreg får nytt forskingssenter for internasjonal økonomi
Nyheit | Dato: 08.06.2026 | Utanriksdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Nytt forskingssenter ved Universitetet i Oslo skal gje meir kunnskap om internasjonal økonomi, handel og globale endringar.
Utanriksminister Espen Barth Eide opna i dag Norwegian Centre for International Economics (NORCIE) ved Universitetet i Oslo.
– Verdsøkonomien er i rask endring. Krig, geopolitisk rivalisering og handelspolitisk uro skaper uvisse for små, opne økonomiar som Noreg. Vi treng meir og oppdatert kunnskap om korleis endringane påverkar interessene våre og korleis vi bør møte dei, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
NORCIE skal bidra til å styrke Noregs evne til å forstå og handtere endringar i den internasjonale økonomien og verdshandelen. Senteret skal òg sjå på kva konsekvensar endringar i internasjonal økonomi og handel har for utviklingsland.
– Norsk samfunnsforsking held eit høgt internasjonalt nivå og kan bidra til betre politikkutforming. Når verda endrar seg raskt, treng vi sterke fagmiljø som kan levere uavhengig kunnskap av høg kvalitet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Senteret skal leiast av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, og samle forskarar frå Økonomisk institutt og ARENA ved Universitetet i Oslo, Chr. Michelsens Institutt og Institutt for fredsforsking (PRIO). Forskingsrådet finansierer senteret.
Senteret skal fungere som eit nasjonalt knutepunkt for forsking, data, opplæring, seminar og kunnskapsdeling om internasjonal økonomi. Det skal òg etablere GeoEconomics Dialogues, ein arena for jamleg dialog mellom forskarar, styresmakter, næringsliv og sivilsamfunn.