Avtalane har ein samla verdi på 316 millionar kroner over to år. Noreg kunngjer støtta i samband med klimatoppmøtet COP31 i Antalya.  

– Klimaendringane rammar dei fattigaste og mest sårbare hardast. Denne støtta skal hjelpe utviklingsland med å gå frå planar til handling, førebyggje katastrofar og verne liv og livsgrunnlag. Samstundes styrkjer vi det internasjonale samarbeidet vi treng for å løyse klima- og miljøkrisa, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust. 

Støttar nasjonale klima- og naturplanar 

Gjennom Parisavtalen har landa forplikta seg til å leggje fram nasjonale klimamål, såkalla nasjonalt fastsette bidrag (Nationally Determined Contributions, ofte forkorta til NDC). Desse klimamåla er avgjerande for å kutte utslepp og leggje til rette for ei grøn utvikling. Noreg støttar difor NDC-partnarskapet, som hjelper utviklingsland med å omsetje nasjonale klimaambisjonar til konkret handling. Gjennom avtalen støttar Noreg også gjennomføring av nasjonale naturplanar gjennom National Biodiversity Strategy and Action Plan (NBSAP) Accelerator Partnership. Til saman gir Noreg 46 millionar kroner til FNs utviklingsprogram og FNs kontor for prosjekttenester. Støtta skal knytte klima- og naturarbeidet tettare saman, fremje naturbaserte løysingar og bidra til samordna innsats. 

Skal førebyggje katastrofar 

Noreg gir 40 millionar kroner til FNs kontor for katastrofeførebygging og risikoreduksjon og 30 millionar kroner til Verdsbankens globale fond for katastrofeførebygging og gjenoppbygging. Årets El Niño og konsekvensane han har hatt, understrekar betydninga av å investere i beredskap mot ekstremvêr. 

Organisasjonane hjelper land med å forstå og redusere risikoen for klimarelaterte naturkatastrofar. Dei arbeider mellom anna med beredskap, klimarobust infrastruktur og tiltak som kan hindre at ekstremvêr får endå større konsekvensar.  

Gir 200 millionar kroner til FNs miljøprogram 

Noreg inngår òg ein avtale om 200 millionar kroner i frivillig kjernestøtte til FNs miljøprogram for 2026 og 2027. Støtta er ikkje øyremerkt enkeltprosjekt. Det gir organisasjonen høve til å bruke pengane der behova er størst.  

Noreg er den største givaren av frivillig kjernestøtte til miljøfondet til FNs miljøprogram. Avtalen kjem i tillegg til eit fast årleg bidrag til UNEP i form av kjernestøtte på om lag 30 millionar kroner, og annan norsk støtte til øyremerkte tiltak gjennom organisasjonen.  

Gir 195 millionar kroner årleg til Den globale miljøfasiliteten 

I tillegg til desse avtalane som no blir kunngjorde på COP, har Noreg nyleg inngått ein avtale med Den globale miljøfasiliteten (GEF) på 195 millionar årleg i perioden 2026-2029. GEF bidreg til å finansiere både Parisavtalen, Naturavtalen og fleire andre klima-, natur- og miljøavtaler. Støtta er eit viktig bidrag til klima-, natur- og forureiningsarbeid i utviklingsland og bidreg til legitimitet for internasjonalt klima- og miljøsamarbeid.

FAKTA

Fordeling av støtta

  • FNs miljøprogram (UNEP): 200 millionar kroner 
  • FNs kontor for katastrofeførebygging og risikoreduksjon (UNDRR): 40 millionar kroner 
  • Verdsbankens globale fond for katastrofeførebygging og gjenoppbygging (GFDRR): 30 millionar kroner 
  • FNs utviklingsprogram (UNDP) og FNs kontor for prosjekttenester (UNOPS): 46 millionar kroner 
  • Den globale miljøfasiliteten (GEF): 195 millionar kroner årleg i perioden 2026-2029