Noreg gir ein milliard til utdanning for barn ramma av krig og kriser
Pressemelding | Dato: 31.10.2026 | Utanriksdepartementet
93 millionar barn står utanfor skulen på grunn av krig og kriser. No gir Noreg éin milliard kroner til utdanning for barn og unge som blir ramma av krig, flukt og katastrofar.
Noreg inngår fleirårige avtalar på til saman éin milliard kroner med Education Cannot Wait og UNICEF. Pengane skal bidra til at barn og unge som blir ramma av krig, flukt og katastrofar, får tilgang til trygg utdanning.
– Retten til utdanning blir endå viktigare for barn som lever i krig og kriser. Å få gå på skule gir dei både tryggleik, vern og høve til å lære. Utdanning gir òg ein viss normalitet når livet rundt dei er snudd på hovudet. Derfor prioriterer Noreg utdanning for barn og unge i krise og konflikt, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Noreg vil gi 600 millionar kroner til Education Cannot Wait (ECW) i perioden 2027–2030 og 400 millionar kroner til UNICEF i perioden 2026–2028.
Støtta til ECW aukar med 100 millionar kroner samanlikna med førre avtaleperiode, medan støtta til UNICEF blir vidareført på om lag same nivå som tidlegare.
Utdanning vernar barn
Stadig fleire barn og unge veks opp i krig og konflikt eller blir tvinga på flukt. Samtidig blir utdanning ofte nedprioritert når dei humanitære behova aukar.
Skular og andre læringsarenaer kan vere avgjerande for barn i kriser. Dei gir ikkje berre undervisning, men kan òg gi tilgang til psykososial støtte og vern mot mellom anna vald, utnytting og rekruttering til væpna grupper. Jenter og barn med nedsett funksjonsevne er blant dei som er særleg utsette.
– Når barn mistar skulegangen på grunn av krig eller flukt, kan konsekvensane vare lenge etter at sjølve krisa er over. Å investere i utdanning er å investere både i framtida til barna og i meir stabile samfunn, seier Aukrust.
To partnarar
ECW mobiliserer finansiering og bidrar til koordinering av den globale innsatsen for utdanning i kriser og konflikt.
Den norske støtta til UNICEF vil gå til UNICEFs utdanningsfond og bli brukt både til innsats i kriser og konfliktar og til langsiktig styrking av utdanningssystem.
– Vi treng både rask hjelp når krisa rammar, og langsiktig arbeid som gjer at landa sjølve kan gi barn eit godt utdanningstilbod. Derfor samarbeider vi med aktørar som utfyller kvarandre og kan levere både akutt og over tid, seier Aukrust.
Satsinga følgjer opp Vendepunkt, der utdanning i krise og konflikt er eit prioritert område.
Fakta
- 600 millionar kroner til Education Cannot Wait i perioden 2027–2030.
- 400 millionar kroner til UNICEF i perioden 2026–2028.
- Støtta til ECW aukar med 100 millionar kroner samanlikna med førre avtaleperiode.
- Støtta til UNICEF skal gå til dei mest sårbare barna gjennom UNICEFs utdanningsfond.