Noreg har underteikna Europarådskonvensjonen om vern av advokatar
Pressemelding | Nr: 38 – 2025 | Dato: 13.05.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet
I dag underteikna Noreg Europarådskonvensjonen om vern av advokatar. Konvensjonen er den første internasjonale traktaten som har som hovudformål å verne advokatyrket.
– Noreg er, og skal vere, ein rettsstat. Både advokatar og advokatforeiningane speler ei viktig rolle for rettsstaten, ved å verne vår grunnleggjande fridom og rettstryggleik. Då må også rettsstaten gjere sitt for å verne advokatrolla, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen om bakgrunnen for at Noreg har underteikna konvensjonen.
Advokatkonvensjonen er eit viktig bidrag til det internasjonale rettssamfunnet. Konvensjonen vart opna for underteikning under utanriksministermøtet i Luxembourg i dag, 13. mai. Det er statssekretær i Utanriksdepartementet Maria Varteressian som underteikna på vegne av Noreg.

Konvensjonen har dessverre eit mørkt bakteppe. Demokrati, rettsstatsprinsipp og menneskerettar er under press i fleire land rundt oss.
– Eg deler Europarådets bekymring på det aukande talet av rapportar om alvorlege angrep mot advokatar og brot på advokatar sine rettar. Det er i desse tider me må verne om våre demokratiske verdiar, og denne konvensjonen vil styrkje rettsstillinga til advokatane i medlemsstatane. Dette er vesentleg i ei tid der fleire demokrati er under press, seier Aas-Hansen.
Noreg har delteke i forhandlingane om konvensjonen. Formålet med konvensjonen er å styrkje det internasjonale rammeverket for vern av advokatprofesjonen, som retten advokatar har til å utøva yrket sitt uavhengig og utan diskriminering eller utilbørleg innblanding. Konvensjonen inneheld føresegner om advokatar sine profesjonelle rettar, advokatar sin ytringsfridom, krav til disiplinærprosedyrar og andre reglar om vern av advokatar. I tillegg gir konvensjonen reglar om advokatforeiningane si stilling og sjølvstende, og reglar om advokatforeiningane sine særlege rettar i saker som rører ved advokatar.
– Dette året har vore eit merkeår for advokatprofesjonen, og me har teke store steg både nasjonalt og internasjonalt for rettsutviklinga på dette viktige området. I tillegg til denne viktige signeringa tredde jo den nye advokatlova i kraft 1. januar i år, seier justis- og beredskapsministeren.
Arbeidet med å ratifisere Europarådskonvensjonen om vern av advokatar vil starte no som konvensjonen er underteikna.
Her er hovudinnhaldet i konvensjonen om vern av advokatar
- Retten til å utøve advokatyrket skal vere fastsett ved lov med grunnlag i objektive, relevante og transparente kriterium, som blir praktiserte gjennom ein rettferdig prosess.
- Disiplinære reaksjonar mot advokatar skal ha grunnlag i profesjonelle standardar som er føreskrivne ved lov og som er i samsvar med rettane og fridommane i Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).
- Partane skal sikre at advokatorganisasjonar er uavhengige, sjølvstyrte organ.
- Advokatorganisasjonar skal kunna fremje og representere yrkesinteressene til advokatane, fremje og forsvare sjølvstendet til advokatane og deira rolle i samfunnet, og utarbeide profesjonelle etiske standardar og fremje at dei blir overhaldt.
- Advokatorganisasjonar skal konsulterast på ein rettidig og effektiv måte om forslag til endringar i lovgiving, prosedyrar og administrative reglar som direkte påverkar advokatane sine profesjonelle aktivitetar og regulering av yrket.
- Advokatar skal kunna informere offentlegheita om saker relatert til deira klientars saker.
- Advokatar skal kunna fremje rettsstaten og etterlevinga av den, både individuelt og kollektivt. Det same skal gjelde for advokatorganisasjonar.
- Advokatar skal ha rett til tilgang til klientar og potensielle klientar.
- Advokatar skal ha rett til konfidensiell kommunikasjon med klientane sine.
- Advokatar skal ha rett til tilgang til relevant materiale.
- Advokatar skal ha rett til å avslutte eit klientforhold.
- Advokatar skal ha rett til å opptre på vegner av klientane sine.
- Advokatar skal ha rett til ikkje å bli identifiserte med klientane sine.
- Advokatar skal ha rett til vern mot sivil- eller strafferettsleg ansvar for munnlege og skriftlege utsegner gitt i god tru og med aktsemd.
- Advokatar skal ha rett til å ha ein uavhengig advokat eller representant frå ein advokatorganisasjon til stades som observatør ved ransaking av eit advokatkontor.
- Ein advokat som er fråteken fridommen sin, skal ha rett til ein advokat.
- Ein advokat som er fråteken fridommen sin, skal ha rett til å informere ein advokatorganisasjon om fridomskrenkinga.
- Advokatorganisasjonar skal ha rett til effektiv tilgang til ein advokat som er fråteken fridommen sin.
- Advokatorganisasjonar skal ha rett til å delta i høyringar mot advokatar.
- Styresmaktene skal ha ei plikt til å informere den nasjonale advokatforeininga om tilfelle der advokatar blir angripe eller drepne på bakgrunn av forhold som har tilknyting til advokatverksemda, dersom advokaten er ute av stand til sjølv å informere om dette.
- Ei ekspertgruppe for vern av advokatyrket (GRAVO) skal overvaka gjennomføringa av konvensjonen. Konvensjonen inneheld nærare føresegner om evalueringsprosedyrar.