Noreg og Polen inngår partnarskap for energisikkerheit og grøn omstilling

Noreg og Polen har inngått ein strategisk partnarskap om energisikkerheit, grøn omstilling og sikring av kritisk energiinfrastruktur. Partnarskapen vart signert av energiminister Terje Aasland og den polske klima- og energiministeren Paulina Hennig-Kloska i Warszawa i dag.

På biletet ser du energiminister Terje Aasland saman med den polske klima- og energiministeren Paulina Hennig-Kloska. Bak dei er det norske og det polske flagget.
Energiminister Terje Aasland saman med den polske klima- og energiministeren Paulina Hennig-Kloska. Foto: Energidepartementet.

– Samarbeidet byggjer på felles ambisjonar om å styrkje energisikkerheita i regionen, framskunde det grøne skiftet, arbeide mot klimanøytralitet og støtte grøn vekst i økonomiane våre – samtidig som me sikrar ei rettferdig omstilling, seier energiminister Terje Aasland.

Avtaleteksten er tilgjengeleg her: 

Noreg er ein viktig leverandør av naturgass til Polen, medan polske investeringar på norsk sokkel styrkjer energisamarbeidet. I den strategiske partnarskapen forpliktar begge land seg til å støtte vidare eksport og investeringar i lågutsleppsløysingar.

Gjennom EØS-midlane og næringslivssamarbeid bidrar Noreg til den grøne omstillinga i Polen, medan polske selskap som jobbar med grøn teknologi kan spele ei rolle i Noregs energiomstilling. Begge land ser også potensial for vidare samarbeid innan fornybar energi, særleg havvind, sirkulær økonomi og karbonfangst og -lagring.

Noreg og Polen skal også dele erfaringar om sikring av energiinfrastruktur i Nordsjøen og Austersjøen.

Arbeidet med ein strategisk energipartnarskap mellom Noreg og Polen vart starta då Polens statsminister Donald Tusk besøkte Noreg i januar i år.

Her kan du lese innleiinga til statsministeren på pressekonferansen med Polens statsminister i januar: Statsministerens innledning på pressekonferanse med Polens statsminister - regjeringen.no.