Noreg støttar sivile i Nagorno-Karabakh

– Noreg bidreg med 20 millionar kroner i humanitær assistanse til sivilbefolkninga i Nagorno-Karabakh. Støtta går til dei som flyktar og til dei som er igjen, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Tusenvis av sivile flyktar no frå Nagorno-Karabakh. Aserbajdsjans væpna angrep har skapt ein humanitær situasjon der befolkninga har akutt behov for vern og livsviktig hjelp. Situasjonen er òg kritisk for dei som blir igjen i Nagorno-Karabakh. 

– Dei siste månadene har vi sett med bekymring korleis den humanitære situasjonen har blitt gradvis verre. No er det store humanitære behov, og mange menneske på flukt. No gjer vi partnarane våre i stand til å halde innsatsen med fram med å lindre nød og bidra til verdigheita til sivilbefolkninga i ei vanskeleg krise, seier Huitfeldt.  

Noreg vil bidra med 15 millionar kroner til Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) til mat, helsetenester, vatn, energi og varme. Røde Kors transporterer òg såra som treng behandling, og sørgjer for verdig transport og behandling av døydde. Den norske støtta går òg til Redd Barnas innsats for å verne barn og sikre at sårbare barn får grunnleggjande tenester. Mineryddingsorganisasjonen Halo Trust får òg støtte til grunnleggjande tenester og transport ut av regionen. 

– Røde Kors-komiteen, Redd Barna og Halo trust er partnarar vi kjenner godt. Dei har allereie tillit i lokalbefolkninga, og når fram til dei som treng det mest, seier Huitfeldt. 

I løpet av det siste året har den humanitære situasjonen i Nagorno-Karabakh blitt gradvis meir kritisk, på grunn av Aserbajdsjans blokade av vegen som knyter Nagorno-Karabakh til Armenia. Allereie i august byrja det å bli kritisk mangel på mat, drivstoff og helsetenester.  

Det væpna angrepet frå Aserbajdsjan 19. september var over på omtrent 24 timar, og førte til store skadar på bustader, veg og sivil infrastruktur. Mange familiar er splitta. Den 26. september blei situasjonen endå verre då eit drivstofflager eksploderte og drap 68 og såra 300 menneske. Fleire er framleis sakna.